STORKONTROLL: Denne veka gjennomfører Vegvesenet storkontroll på fem stader i landet, mellom anna Håbakken i Lærdal. Arkivfoto
STORKONTROLL: Denne veka gjennomfører Vegvesenet storkontroll på fem stader i landet, mellom anna Håbakken i Lærdal. Arkivfoto

Gjennomfører storkontroll av tyngre køyretøy

Vegvesenet ser spesielt på dekk og bremsar på vogntog når dei denne veka held storkontroll på fem stader - mellom anna i Håbakken.

Lærdal: – Dette er ein samkøyringskontroll over fleire døgn, så det nyttar ikkje for sjåførane å stå og venta, seier Thormod Gausdal som er seksjonsleiar for køyretøy i Statens vegvesen.

Dei to siste åra har krava til dekk for tyngre køyretøy vorte betydeleg skjerpa. Tidlegare var reglementet svært generelt og sa at køyretøya måtte vera skodd for å ha tilstrekkjeleg veggrep. No er det annleis; frå 15.november skal mønsterdjupna vera minst fem millimeter og eit vogntog skal ha minst sju kjettingar med seg.

– Har eit vogntog seks kjettingar må det stå til det sjuande er på plass. I tillegg skal kjettingane vera tilpassa dei ulike hjula. Dette er reglar som slo til for fullt frå i fjor, og det har kome seg veldig med desse reglane. Dei ser ut til å bli handheva i stor grad også.

Les også: Bussjåfør køyrde med feil på bremsane

Les også: Vogntogsjåfør køyrte med promille

Fokuserer på dekk og ABS

Dei nye reglane er innført suksessivt for at dei ulike dekkprodusentane skulle klara å produsera dekk av ulike dimensjonar som samsvarar med krava.

Dekk og fungerande ABS-bremser på tilhengarane er det kontrollørane ser spesielt etter no på storkontrollen, fortel Gausdal.

– Elles er det vanleg tungbilkontroll.

Vegvesenet har med seg Spesialeininga for utekontroll (SPUK) på kontrollane, pluss andre kontrolletatar som Toll, Politi og Arbeidstilsyn.

Dei andre stadene det blir kontrollar er E39 Stord, E16/39 Åsane, E134 Seljestad og rv.7 Brimnes.

Til toppen