Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. (Bilde: Sogn og Fjordane Bondelag)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

Gjennomsnittsbruket kan ikkje leve med økonomisk stagnasjon

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har dei siste dagane fortalt at Vestlandet produserer meir sau og storfe, og at det er Regjeringa si ære.  Vi er sjølvsagt glade for auka produksjon av sau og storfe på Vestlandet, men sanninga ligg ikkje alltid i selektiv statistikk.

Produksjonsveksten som Dale siktar til, innan sau og storfe, er særs liten.  Den er så liten at det like gjerne kan vere snakk om endringar i naturgjevne forhold, som høgare grovfôravlingar og betre beiteforhold i fjellet, enn politikken som er ført. I tillegg må vi hugse på at landbruket er ei biologisk næring, og at ei avgjerd om å auke produksjonen på storfe ikkje får konsekvensar over natta. Frå ein bestemmer seg for å auke produksjonen til kjøtet kan seljast tek det 2-3 år. Då seier det seg sjølv at ein liten produksjonsauke frå 2014 til 2016 ikkje skuldast politikken ført i denne perioden.

Vi er glade for at nedgangen i produksjonen av kjøt har stoppa opp litt, men ikkje meir enn at eit dårleg grovfôrår, slik vi har i 2017, dessverre kan få pila til å peike feil veg att. Det er fleire utviklingstrekk som uroar oss. Inntektsgapet mellom små og store gardsbruk, som forsterka seg då Sylvi Listhaug var landbruksminister, er der framleis. Vestlandbonden heng bak inntektsutviklinga i resten av landbruket. På Vestlandet går meir jordbruksareal ut av drift enn det gjer i resten av landet. Det er ikkje samsvar i å heie på vestlandsbonden, og samstundes jobbe for auka sentralisering og stordrift.  Skal vi ha eit levande landbruk på Vestlandet i framtida, må det også vere mogleg å få økonomi i drifta av små og mellomstore gardsbruk.

Dersom statsråd Dale si omsorg for vestlandsbonden er reell, må den følgjast opp av ei større satsing på dei små og mellomstore bruka i fylke som Sogn og Fjordane. Det er ikkje mykje i Frp sitt partiprogram som gjev lyse utsikter for matproduksjonen på Vestlandet.  Mykje handlar om å bygge ned grunnsteinane tollvern, marknadsordningar, eigedomsregelverk og tilskot gjennom ei storstilt sentralisering av norsk landbruk til dei beste og mest lettdrivne areala. Venstre og Krf har moderert dei verste utslaga av den blåblå politikken gong på gong i Stortinget dei siste 4 åra. Politikken som har vore ført har likevel berre gjeve økonomisk vekst for dei største bruka, medan det har gjeve økonomisk stagnasjon for gjennomsnittsbonden. Det vil vere avgrensa kor lenge gjennomsnittsbonden kan overleve med økonomisk stagnasjon.

Anders Felde
Fylkesleiar i Bondelaget

Til toppen