NYTT LIV: Dariusz Baran gjer seg klar til opninga av Laksen Kafé laurdag. Kven seier vel nei til eit kafébesøk med denne utsikta i bakgrunnen? Foto: Ina Eirin Eliassen
NYTT LIV: Dariusz Baran gjer seg klar til opninga av Laksen Kafé laurdag. Kven seier vel nei til eit kafébesøk med denne utsikta i bakgrunnen? Foto: Ina Eirin Eliassen

Gjenopplivar Laksen

Kanskje har du alt sett at det på ny er lys i glaset på Laksen Kafé? Dariusz Baran har hektiske døgn med mykje jobb føre seg før opninga laurdag. 

Dariusz Baran, jobbar for restauranten Green Norway i Flåm, som no tek over drifta av Laksen Kafé i Lærdal kulturhus.

Han vil ikkje gapa for høgt før opninga laurdag og tek sikte på å gjere fleire endringar i kafeen utover i sesongen, når han ser kva behov kundane har. Baran vil at kafeen skal føles som heime og han vil gjera atmosfæra meir koseleg. 

– Det er leit at det ikkje har vore liv her på ei tid. No vil me jobbe i lag med resten av huset, for å gjera dette til eit levande kulturhus, seier han. 

SAME NAMN: – Me vil ikkje endra namnet på kafeen. No handlar det om å få folk attende, seier Dariusz Baran som no driv Laksen Kafé.
SAME NAMN: – Me vil ikkje endra namnet på kafeen. No handlar det om å få folk attende, seier Dariusz Baran som no driv Laksen Kafé.

Kortreist for bygda og turistar

I første omgang startar Laksen Kafé med tre tilsette. På kafeen kan du få deg lunsj, middag og du kan nyte ein øl med vener på kvelden.

Konseptet for kafeen er å bruke laks, lokalmat og lokale produsentar. Men du må ikkje tru det berre blir norsk tradisjonsmat. Baran tek sikte på å servere norsk mat med ein ny vri. I tillegg vil han gi turistar moglegheit til å kjøpa med seg lokale produkt. Slik vil Baran satsa både på lærdøler, sogningar og turistar. 

– Me er ute etter kva mat som er unik for ein plass. Me har alt med oss nokre produsentar av lokalmat, men er framleis opne for fleire produsentar som vil samarbeide med oss, seier Baran. 

OPEN FOR FORSLAG: Baran vil gjera endringar i kafeen utover i sesongen, slik at kafeen blir meir koseleg. Han vil høyre kva bygdafolket ønsker at plassen skal vera.
OPEN FOR FORSLAG: Baran vil gjera endringar i kafeen utover i sesongen, slik at kafeen blir meir koseleg. Han vil høyre kva bygdafolket ønsker at plassen skal vera.

Vil spele på lag med lærdøler

Baran tek sikte på å ha tilstelningar og temakveldar som til dømes pizza og film, i samarbeid med Lærdal kino. Han tek Porten.no med opp til den flotte utsikta frå takterrassen, som han også vil ta i bruk. 

Baran ser for seg å både endre lys og designet av kafeen. Han leikar også med tanken om å ta inn kunst frå lokale kunstnarar og nytte lokalet som eit galleri. 

– Me blir veldig glade for forslag frå folk om kva som trengs på Laksen Kafé. Dette skal like mykje vera eit tilbod til lærdøler som turistar. No gjeld det å få folk attende hit, så får dei store endringane koma etter kvart. Med opninga av Sogn kunstsenter også på laurdag, er det er fin moglegheit til å på ny kosa seg på Laksen Kafé, seier han. 

Til toppen