MYKJE: Kostnadane vart store etter tunnelbrannane og no kranglar Gjensidige og Vegvesenet om kven som skal betala for skadane. Foto: Google.
MYKJE: Kostnadane vart store etter tunnelbrannane og no kranglar Gjensidige og Vegvesenet om kven som skal betala for skadane. Foto: Google.

Gjensidige seier nei til gigantrekningar etter tunnelbrannar

Gjensidige vil berre betale 20 millionar kroner i erstatning etter brannane i Gudvangatunnelen i 2013 og Skatestraumtunnelen i fjor sommar. Vegvesenet hadde utgifter på nesten 100 millionar.

  • Endret

Gjensidige har erkjent ansvar for skadane i begge dei to tunnelbrannane i Sogn og Fjordane, men vil ikkje betale meir enn ti millionar kroner i erstatningsutbetalingar for kvart av tilfella, skriv Bergens Tidende.

Utgiftene etter brannen i Gudvangatunnelen var på 40 millionar kroner, men Statens vegvesen kravde berre halvparten av dette beløpet frå Gjensidige. 

Erstatningsgrense

Gjensidige viser til at bilansvarslova, som regulerer erstatningsutbetalingar når bilar er årsak til materielle skader, har ein avgrensing på ti millionar kroner. Selskapet meiner dei derfor ikkje kan haldast ansvarlege for eit høgare beløp enn dette.

Vegvesenet meiner på si side at denne erstatningsgrensa gjeld skade på gods og ikkje på sjølve tunnelen og det tekniske utstyret i tunnelen.

– Det er for så vidt korrekt at bilansvarslova skil mellom skade på gods og personar. Men det er ingen som helst tvil om kva lova ser som gods. Uttrykket omfattar skade på lausøyre, fast eigedom, dyr og køyretøy, opplyser kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Ifølgje avisa vurderer Vegdirektoratet om dei skal reise søksmål mot forsikringsselskapet.

 

Til toppen