BILAR OG KAFFI: Dei gjentek fjorårssuksessen og inviterer til bil- og kaffitreff kvar i sommar også. På biletet ser du Anniken Teigen, Oddvin Kulsli og Svein Hagen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BILAR OG KAFFI: Dei gjentek fjorårssuksessen og inviterer til bil- og kaffitreff kvar i sommar også. På biletet ser du Anniken Teigen, Oddvin Kulsli og Svein Hagen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Gjentek suksessen med bilar og kaffi

Konseptet med «Cars and coffee» held fram suksessen frå i fjor. Tysdag hadde dei si første samling for sommaren.

Årdal: I strålande sol glinsa det i nypussa lakk og kromme detaljar. Dei amerikanske glisa strålar om kapp i sola, medan eigarane nyt ein kaffikopp like ved.

Konseptet «Cars and coffee» er noko som foregår over heile verda og er ein trend frå USA. Konseptet er enkelt: Ein møtest for å drikke kaffi og snakke bil.

Tysdag denne veka hadde dei si første samling, der motorinteresserte frå heile Indre Sogn var invitert.

– Tanken er å samle interessene i bygda, få litt liv i gatene, støtte opp om til dømes Tya bakeri, og så er det jo ein sosial samankomst som me treng her i Årdal. Me har med oss ungane, og det er veldig kjekt, seier Svein Hagen. 

Inviterer heile Sogn

I gågata i Øvre Årdal står både bilar og motorsyklar parkert bortetter. Konseptet vert arrangert i samarbeid med Tya, som då sel kaffi, kaker og mat.

– Eg tykkjer det er bra at folk no ser at det er liv rundt Tya. For oss er det fantastisk, og så håpar me at litt pizza kan dra folk ut. Folk reiser hit kanskje rett etter jobb, og det å få seg litt mat når ein er her, kan vere bra, seier Anniken Teigen.

Tilbodet er lagt opp slik at interesserte frå andre delar av Indre Sogn også kan delta. I år kjem dei til å leggje arrangementet annankvar veke i Årdal og Lærdal. 

– Me prøver og ser korleis det fungerer. I fjor var det berre her i Årdal, og det var ganske bra oppmøte, over all forventning eigentleg. Me var litt i Lærdal mot slutten av sesongen, men tunnelstenginga øydelagde jo litt for det, seier Oddvin Kulsli.

Alle kan bli med

Passerer du Tya denne dagen, kan du sjå mange fine glis, og sjølv om du kanskje køyrer rundt i ein Lada sjølv, så er du hjarteleg velkommen til å hive deg inn i bilpraten.

– Absolutt alle er invitert, ikkje berre folk med bilar. Me håpar også det kjem fleire med motorsykkel, og elles må dei som går forbi gjerne stoppa og ta seg ein kaffi med oss, seier Kulsli.

Til toppen