Årdal: Det fortel Målrock i ei pressemelding. I romjula set dei på nytt opp framsyninga om Ludvig Søfting.
Det er Anne Grethe Søfting og Steinar Fodnes som står bak prosjektet, der lokale musikarar og skodespelarar forsøker å kaste lys over Ludvig Søfting sine dikt og tekstar frå ei svunnen tid.
– Det vart ein formidabel suksess, og Målrock er veldig begeistra over at Anne Grethe og Steinar på ny vil nytte Målrock som arena for denne framsyninga, seier festivalsjef i Målrock, Thomas Nordheim Moen.
Under årets festival samla dei to eit knippe lokale musikarar som sette tonar til nokre av dikta til Ludvig Søfting. I sin heilskap inneheldt framsyninga dikt, song, bilete og dramatisering.
Etter særs gode kritikkar er denne gjengen igjen klare for å bergta kulturhuset i Øvre Årdal.
– Mange som ikkje fekk med seg arrangementet sist har etterspurt ny oppsetjing, og Målrock vil sjølvsagt realisere dette, seier festivalsjefen vidare.
Ludvig Søfting jobba til vanleg på verket i Årdal, men nytta dikt, noveller og teikningar til å uttrykke seg på ein litt annan måte enn den meir røffare industrisjargongen. Medan fleste har høyrt namnet, er det få som kjenner til verka. Onsdag i romjula får dei som gjekk glipp av framsyninga under festivalen ein ny sjanse. Billettane kjem for sal allereie måndag.