Årdal: – Om eg kjøper ein is på Kiwi har eg ingen stader å setja meg ned for å eta han, sa Aleksander Øren Heen (Sp) framanfor kommunestyret, den gong.
Fleire sa seg samde i dette, og politikarane vedtok å bevilgja 300.000 kroner til å betra utearealet på torget, og tilby familiar ein stad å opphalde seg.
Førre veke starta kommunen arbeidet med å montera to benkar, som snart står klare på graset i sentrum.
– I juli sendte me ei bestilling på to store benkar med bord, så skal me setja opp ein ganske stor trebåt som ungar kan leika i, og ei mini-trampoline og ei vippe-huske, seier Svein Ove Åmås, seksjonssjef for tekniske tenester i Årdal kommune.
Åmås: – Ein liten start
–Det er for å få litt meir liv i sentrum av Årdalstangen. Sjølve sentrumsplanen er mykje meir, dette er berre ein liten start, seier Åmås.
Han fortel at dei hadde håpt å få montert leikeapparata og benkane i løpet av sommaren, men seier at det tok tid å få varene.
– Me kom seint i gong grunna den sju veker lange leveringsstida. Varene kom for halvanna veke sidan, og då sette me i gong med monteringa med ein gong.
Seksjonssjefen seier at han også ønskjer å få sett opp ein benk langs Kiwi-bygget som den eldre generasjonen kan nytte medan ungane leikar.
Han opplyser at han håpar at arbeidet er ferdig innan eit par veker.