BOKSAMLING: Vil du sikre deg bøker frå bokbåtsamlinga, så møt opp under arrangementet Jul i Førdehuset laurdag 12. desember. Der blir det i tillegg ei rekkje aktivitetar og konsertar for små og store. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
BOKSAMLING: Vil du sikre deg bøker frå bokbåtsamlinga, så møt opp under arrangementet Jul i Førdehuset laurdag 12. desember. Der blir det i tillegg ei rekkje aktivitetar og konsertar for små og store. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gjer eitt bok-kupp

Fylkesbiblioteket slankar boksamlinga si, der du kan sikre deg godbitar.

Etter bokbåten vart lagt ned i Sogn og Fjordane tidlegare i år, har fylkesbiblioteket jobba med å fordele samlinga som høyrde til båten.

Gjennom hausten har biblioteka i fylket, men også over heile landet hatt moglegheita til å sikre seg bøker frå samlinga. 

Kvalitet og mangfald

– Fleire tusen barne- og ungdomsbøker, teikneseriar og romanar, diktsamlingar og fagbøker har kome bibliotekbrukarar andre stader til nytte. Men framleis er det mange bøker igjen, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen, i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Gjennom mange tiår har bokbåtsamlinga vorte bygd opp, der kvalitet og mangfald har stått sentralt. Tilbodet har vore kjærekome og flittig nytta av dei besøkande på bokbåten. Det er no biblioteka i kommunane som åleine står for bibliotektenesta.

Nynorsk til barn og unge

Fylkesbiblioteket vidarefører arbeidet med aktiv litteraturformidling, særleg av den nynorske litteraturen og særleg til barn og unge.

– Mellom anna tilbyr me utlån av klassesett til skular og ei lesegledarordning – formidlarar som kan tingast til arrangement i bibliotek og skular, fortel fylkesbiblioteksjefen.

Vil du sikre deg bøker frå bokbåtsamlinga, så møt opp under  arrangementet Jul i Førdehuset laurdag 12. desember. Der blir det i tillegg ei rekkje aktivitetar og konsertar for små og store.

Til toppen