NØGD: Frida Melvær, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre. Pressefoto
NØGD: Frida Melvær, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre. Pressefoto (Foto: Høgre)

– Gjer elevane ei bjørneteneste om me ikkje stiller krav til oppmøte

Høgre meiner den mykje omtalte fråversgrensa har vore ein suksess.

I fjor haust innførte regjeringa ein fråversregel som seier at elevane ikkje kan ha meir enn 10 prosent udokumentert fråvær for å få karakter i eit fag. I tillegg er det ei skjønsgrense opp mot 15 prosent, der rektor kan vurdere om det likevel er grunnlag for å gi karakter i faget. Ordninga førte til mykje støy.

Les også: Her skulkar elevane i protest mot ny fråværsregel

Les også: Full forvirring rundt fråværsgrensa

Utdanningsdirektoratet har publisert tal som syner at fråveret i den videregåande skulen har gått ned med 40 prosent i heile landet. I Sogn og Fjordane har fråveret gått ned med 25 prosent, og fylket har minst fråvêr i landet, som tidlegare omtala.

Les også: Elevane i Sogn og Fjordane har lågast fråvær i landet

Bekymra for kva som vil skje med fråvêrsgrensa ved eventuelt regjeringsskifte

– Dette syner at elevane er meir til stades på skulen, færre fell  frå og det føregår meir læring.  Ikkje alle gode og effektive tiltak treng å koste så mykje, og fråværsgrensa er eit godt eksempel på det. Dette er nye idear og betre løysingar i praksis som alle er tente med, seier Frida Melvær, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre i ei pressmelding.

Også andelen elevar som ikkje har fått vurdering i minst eitt fag går ned.

–  Eg meiner at det å stille krav er å bry seg. Når vi veit at læraren er så viktig for elevere si læring, må vi også stille krav til at elevane er der læraren er, om ikkje får gode lærarar mindre å bety, held ho fram.    

Det er uklart om fråvêrsregelen vert reversert, eller erstatta med noko anna, dersom det blir regjeringsskifte etter hausten.

– Det bekymrar meg. Vi gjer elevane ei bjørneteneste om vi ikkje stiller krav til oppmøte. Ei reversering av fråvêrsgrensa vil bli eit klart tilbakesteg, avsluttar Melvær.

Til toppen