ØNSKJER Å BREMSA: Dagleg leiar Tanna Gjeraker seier besøkstala til Borgund stavkyrkje berre held fram å auka. No gjer dei grep for å dempa trykket.
ØNSKJER Å BREMSA: Dagleg leiar Tanna Gjeraker seier besøkstala til Borgund stavkyrkje berre held fram å auka. No gjer dei grep for å dempa trykket. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Gjer grep for å bremsa veksten – spår uansett ny rekordsesong for stavkyrkja

Besøkssenteret på Borgund blir stengt for ikkje-betalande, det same blir bakken som går opp forbi stavkyrkja. Utan at det ser ut til å skremma vekk folk.

Lærdal: – Det blir århundrets sesong igjen, seier Tanna Gjeraker, dagleg leiar ved besøkssenteret på Borgund.

Besøkstalet til stavkyrkja har auka med omlag ti prosent kvart år dei siste åra. I fjor runda dei 45.000 betalande gjester. Det faktiske talet er truleg ein god del større, for langt frå alle som kjem innom har brukt å løysa billett.

Før høgsesongen startar gjer dei grep for å dempa trykket på både besøkssenteret og stavkyrkja.

– Det er for sårbart til at me kan tillata oss å veksa veldig mykje meir, seier Gjeraker.

NY SKRANKE: I besøkssenteret har det kome opp ein ny skranke, der alle som kjem inn døra må løysa billett. I tillegg vil det koma opp sperringar   Foto: Halvor Farsund Storvik

Sprengt kapasitet

Om kort tid vil dei ha fått på plass ein billettskranke og sperringar, slik at du ikkje kjem inn besøkssenteret utan å betala. Eit av problema tidlegare har vore at busslass med dotrengde turistar har kome innom berre for å bruka toaletta.

– Me har plass våre eigne gjester, men ikkje til alle andre, seier Gjeraker.

Les òg: I den gamle landhandelen brygger dei på hemmelege planar

Ved stavkyrkja er dei òg i ferd med å setta opp nye sperringar. Før har sjølve gravlunda og kyrkja vore reservert dei med billettt, no blir Kyrkjebakken òg stengt av, stien som går opp til venstre for stavkyrkja:

Går mot ny rekord

– Me sit på ei av verdas eldste trebygningar og må verna om ho. Me har fokusert veldig på å få masse besøk, men det er eigentleg nok no, seier Gjeraker.

Trass grepa dei har gjort, talar bestillingane for at det går mot ein ny rekordsesong. Førebels har 350 bussgrupper meld at dei vil koma, mot 250 i fjor.

– Me var innforstått med at taktikken vår ville føra til at me tapar gjester, men det har ikkje skjedd. Det berre auker, seier Gjeraker.

Til toppen