BUR SEG PÅ VINTER: For å unngå issvullar og is i vegbana frå vatn som dryp frå taket i tunnelar, skal det gjerast vedlikehaldsarbeid på Borgundstunnelen og Seltatunnelen på E16 i Lærdal. Foto: Statens vegvesen. 

Gjer grep for hindre farlege issvullar

Borgundstunnelen og Seltatunnelen på E16 er to av tunnelane som skal førebuast til vinteren.

Lærdal: Den neste månaden kjem det til å bli gjort omfattande vedlikehaldsarbeid i nokre tunnelar på E15, fylkesveg 55 og riksveg 5. Målet er å fjerne tilsig av vatn som kan bli til farlege issvullar når vinteren kjem.

Arbeidet startar i Lærdal på E16 allereie førstkomande tysdag. Då skal Borgundstunnelen og Seltatunnelen vedlikehaldast. 

FARLEG: Vatn som dryp frå taket kan bli til farlege issvullar i tunnelane.
FARLEG: Vatn som dryp frå taket kan bli til farlege issvullar i tunnelane.

Arbeidet vil pågå heile døgnet, men dei lengste stengingane vil først og fremst bli på natta, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Fram til midnatt blir det halvtimesstengingar, men utover natta kan det bli stengingar på inntil 2,5 time. Vi har sett krav til at stengingane skal samkøyrast med andre anlegg på strekningane, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Thorleiv Hurthi. 

Det er entreprenørfirmaet HJH frå Mo i Rana som har fått oppdraget, der ein skal tette gliper i tunneltaket det kjem små drypp av vatn frå, som igjen kan gi is i vegbana. 

Her skal det monterast nye plater som leier vatnet  vekk, og som blir brannsikra med betong utanpå.

Til toppen