DEBATT- OG MØTEPLASS: – Det er berre å gle seg, då det er mykje som skal skje på Årdal bibliotek det neste året, seier biblioteksjef Gry Hatlelid. Foto: Ina Eirin Eliassen
DEBATT- OG MØTEPLASS: – Det er berre å gle seg, då det er mykje som skal skje på Årdal bibliotek det neste året, seier biblioteksjef Gry Hatlelid. Foto: Ina Eirin Eliassen

Gjer om biblioteket til ein møteplass med meir innhald

Årdal bibliotek fekk torsdag to gode nyhende, som brukarane kan gle seg over i tida som kjem. – Me er ganske høgt oppe akkurat no, seier biblioteksjef Gry Hatlelid.

Årdal: Det skal skje mykje på biblioteket i tida framover, for i haust søkte Årdal bibliotek om prosjektmidlar frå Nasjonalbiblioteket for å utvikle biblioteket som arena for debatt og ein god møteplass. 

Utsyr og tilrettelegging

Torsdag fekk biblioteksjef Gry Hatlelid beskjeden om at dei får 30.000 kroner til dette føremålet. Det skal gå til å kjøpa inn utstyr, som mikrofonar, kanskje ei lita scene og stolar, for å legge lokalet betre til rette slik at dei kan køyre større lokale arrangement. 

– No må me sjå kor langt pengane strekk, for å sjå kva å prioritere. Det skal i alle fall skje mykje spennande i biblioteket det neste året. No er det berre å følge med. Me gler oss veldig, seier Hatlelid.

Skal også løfte innhaldet

Og ikkje nok med det. Årdal bibliotek er også med i eit samarbeidsprosjekt i lag med biblioteka i Luster, Sogndal, Høyanger, Vik, Balestrand og Leikanger, som no har fått 100.000 kroner, som skal gå til innhald og arrangement som forfatterbesøk på biblioteka. 

– Me er no i gang med ein samarbeidsavtale mellom biblioteka i Indre Sogn, slik at me får mest mogleg ut av ressursane våre, seier Hatlelid.

Alt no er fem arrangement i samarbeidsprosjektet under planlegging for året 2016. I tillegg vil også biblioteket ha arrangement i eigen regi.

Kvinner på fjelltoppane

Først ut i januar er forfattaren Sigri Sandberg, som har skrive boka «Frykt og jubel i Jotunheimen», som er forteljingar om kvinner opp gjennom tida, som har levd med fjella Hurrungane, klatra mot dei, eller ikkje brydd seg om dei. Ho kjem til Årdal alt 8. januar.

– Dette har eg tru på at blir spennande. Me vil også få på plass meir som skal skje etterkvart. Det er kjekt å få midlar, for det er jo ikkje gratis å gjere desse endringane for biblioteka, fortel biblioteksjefen. 

Arrangementa i biblioteket er i hovudsak gratis, men Hatlelid ser ikkje bort ifrå å også få til samarbeid med andre aktørar, slik som Utla Bar og Kafé, rundt slike kveldar. Då må ein sjølvsagt koste mat og drikke sjølve. 

Søndagsope for alle første gong

Biblioteket har også søndagsope likt som Årdalsenteret i desember. 

– Me er spente på å sjå den kombinasjonen. Då har ein moglegheit til å koma innom for å låne bok eller ein film, og kanskje for å slappe av litt mellom handlinga. Mange ungar likar jo også å sita her å teikne og kosa seg, seier ho.   

Til toppen