SPARAR PENGAR: Politikarane vil ta opp eit lån 1 million kroner for å gjere seg ferdig med Ofredalstunnelen med ein gong. På denne måten vil dei spare 500.000 kroner. Foto: Kaja Nygård.
SPARAR PENGAR: Politikarane vil ta opp eit lån 1 million kroner for å gjere seg ferdig med Ofredalstunnelen med ein gong. På denne måten vil dei spare 500.000 kroner. Foto: Kaja Nygård.

Gjer seg ferdig med tunnelen med ein gong – sparar ein halv million​

Politikarane vil ta opp eit lån 1 million kroner for å gjere seg ferdig med Ofredalstunnelen med ein gong.

Årdal: I desse tider pågår det sikringsarbeid i tunnelen. I utgangspunktet var et sett av 1,5 millionar i investeringsbudsjettet i 2017 og 2018, men ved å ta alt no vil kommunen spara ein halv million kroner.

Det er Norsk Bergsikring som har fått jobben med å sikre tunnelen etter ein anbodsrunde, og det er dei som har kome med innspel om å utføre den andre delen av arbeidet i same slengen, noko rådmann ser positivt på.

– Dette er jo det me kallar i gladsak. Ved å ta alt no sparar me 500.000 kroner. Dette skuldast hovudsakleg riggkostnadene. Ved å gjere alt i 2017, slepp ein kostnadene med å rigge opp, så ned, og så opp att, sa Olve Fossedal, rådmann i kommunen.

Tek opp lån

Tiltaket inneberer at kommunen tek opp eit lån på 1 million kroner, og dermed vert investeringsbudsjettet for 2018 redusert med 1,5 millionar kroner. 

– Dette er veldig bra og naudsynt. Det tilseier vel at arbeiet vil halde fram endå litt lenger til dei er ferdig med å asfaltere, sa Erling Offerdal (Sp).

Prosjektet får dermed ein prislapp på 2,5 millionar kroner, som inneberer rensking og bolting, sprutbetong, asfaltering og byggjeleiing.

Til toppen