Gjer som Ålesund kommune – ta standpunkt mot skatteparadis
(Bilde: Guernsey Coast av Nicolas Raymond lisensiert under CC BY 3.0)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

Gjer som Ålesund kommune – ta standpunkt mot skatteparadis

I juni i år vedtok bystyret i Ålesund å gjere kommunen til ein skatteparadisfri sone, gjennom å ekskludere leverandørar og selskap med tilknyting til skatteparadis frå å gjere avtalar med kommunen. Land for land-rapportering blir vurdert som eit innkjøpskrav for Ålesund kommune. 

I det siste har omfattande avsløringar i media om skattesnyteri i til dømes Panama Papers, Swiss Leaks og Lux Leaks, auka fokuset på skatteparadisa i verda. Dei såkalla skatteparadisa er særs øydeleggjande og tappar både fattige og rike land for ufatteleg mange milliardar kronar, kvart einaste år. 

Ein rapport frå den britiske tenketanken Re-Define, skrive på oppdrag frå Forum for utvikling og miljø i 2016, viste at 20 prosent av investeringane til det norske Oljefondet nyttar seg av skatteparadis. Sidan den gong har Oljefondet flytta eigedomar ut av skatteparadiset Luxembourg, men Tax Justice Network kritiserer framleis Oljefondet for at ingen selskap er blitt fjerna frå investeringsporteføljen på grunn av uetisk skatteåtferd.

Den norske regjeringa er dessverre eit av fleire land som deltek i forhandlingane om ei multinasjonal handelsavtale om tenester - TISA. Wikileaks har gjennom medielekkasjar frå forhandlingane avslørt at avtalen vil få store konsekvensar for finansielle og offentlege tenester.

Det største internasjonale sambandet av fagforbund, den Internasjonale Faglige Samorganisasjonen (ITUC), kom i november i 2016 med fråsegna Trade in Services Agreement is Bad News for Workers and Communities, som slo fast at TISA vil svekke handlingsrommet for regulering av finanssektoren, forbrukarretter og arbeidarrettar, og samtidig styrke skatteparadisa og makta til eigarane i multinasjonale selskap og store bankar. TISA vil òg kunne truge handlingsrommet for lokale vedtak for siling av leverandørar til offentleg sektor – som til dømes vedtaket i bystyret i Ålesund. Noreg må derfor snarast mogleg trekkje seg frå forhandlingane om TISA.

Raudt stør arbeidet mot skatteparadis og er motstandar av TISA og alle bilaterale handelsavtalar som går på tvers av interessene til låg- og mellominntektsland. Den sitjande regjeringa, har gitt EU sitt finanstilsyn stor makt over norsk finanspolitikk. Raudt går inn for snarast mogleg å melde Noreg ut av EØS.

Vedtaket i Ålesund kommune er eit eksempel til etterfølging, og Raudt oppfordrar lokalpolitikarar i Sogn og Fjordane til å ta dette opp i sine kommunar. For dei som lurer på kva det inneber å gjere kommunen sin til ein skatteparadisfri sone, kan dei kontakte organisasjonen Attac Norge, som har jobba lenge med kampen mot skatteskjul og skattesnyteri.

Anders Hamre Sveen
Nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

Til toppen