HANS GJESME: Fredag opnar utstillinga «Hans Gjesme og årstidene» ved Sogn kunstsenter i Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
HANS GJESME: Fredag opnar utstillinga «Hans Gjesme og årstidene» ved Sogn kunstsenter i Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun. (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Gjesme og årstidene vert stilt ut på Sogn kunstsenter

Fredag opnar utstillinga «Hans Gjesme og årstidene» ved Sogn kunstsenter i Lærdal. Utstillinga skal stå fram til 13. august.

Lærdal: – I denne utstillinga ønskjer vi å syne fram eit underliggande tema i mange av Hans Gjesme sine måleri, trass ulike motiv; nemleg årstidene. Gjesme skildra det karakteristiske Lærdalslandskapet med jorda, dei høge fjella som rammar inn dalen og himmelen over, i ulikt vêr og lys, men òg til ulike årstider, skriv kunstsenteret i ei pressemelding.

– Store delar av året ligg delar av dalen i skugge og ein kan i bileta sjå tun, folk og kvardagsliv i dette «skuggelandskapet». 

Utstillinga opnar fredag i Lærdal. Det er kunstnaren Kristen Olav Grøttebø, også frå Lærdal, som skal stå for opninga.

Nasjonalromantisk

Gjesme valde, som mange andre kunstnarar i 1920-åra, å busette seg på heimplassen i eit kjend og kjært landskap. Målarkunsten var på den tida prega av ei sterk nasjonal rørsle og det norske var viktig i val av motiv og fargebruk. Gjesme hadde sin mest produktive periode frå 1920 til 1951, men heldt fram med å måle og teikne heile livet. 

Gjesme plasserer seg inn i ei lang rekkje av landskapsmålarar. I mellomkrigsåra tala ein om ein «ny nasjonalromantikk» innan målarkunsten, og det er i denne samanhengen Gjesme sine landskap høyrer heime.

Lærdalsmålaren

Men først og fremst er han Lærdalsmålaren. Gjennom blikket og penslane til Hans Gjesme har kvalitetane ved Lærdalsnaturen fått ein ekstra dimensjon. Kunst og natur påverkar kvarandre slik at ein oppdagar nye sider og kan sjå det kjende med nye auge.

– Gjesme sine landskapsbilete høyrer ikkje berre fortida til, men er uttrykk for kjærleik til ein natur som er ramma rundt Lærdal i dag. 

Til toppen