Margot Strom
Margot Strom (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Gjesteboka til «Ne' fø' sjøen» er full av gode helsingar

– Me trur denne sommaren er betre enn fjoråret.

Årdal: Det seier Margot Strøm, som denne sommaren er ein av fleire som har tatt imot gjester på anlegget «Ne' fø' sjøen» i Indre Ofredal i Årdal.

Dei siste åra har anlegget fått seg ei skikkeleg renovering. Enorme summar dugnadstimar er lagt ned for å heve standarden i det «gløymde paradiset». Etter kvart vart veneforeininga som dreiv med dugnaden gjort om til ei stifting.

I år, som i fjor, har Strøm og fleire andre tatt imot gjester både frå Årdal, andre stader i Noreg og frå utlandet.

– Det er folk som aldri har høyrt om Indre Ofredal, og så plutseleg er dei her, seier ho og fortel om eit par som ein søndag kveld banka på døra hennar.

PERLE: Det gamle sagbruket har ei heilt spesiell historie, og etter lang tid i gløymsel er ho no henta fram att og blir restaurert etter beste evne på dugnad. 
PERLE: Det gamle sagbruket har ei heilt spesiell historie, og etter lang tid i gløymsel er ho no henta fram att og blir restaurert etter beste evne på dugnad.  Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Dei lurte på om det var kafé her. Eg hadde nett sett meg ned, men sjølvsagt fekk dei noko servert. Dei skulle eigentleg på butikken i Jølster, men det var stengt, så dei tok seg ein køyretur. Då dei køyrte innover, såg dei at det var lys i Seimsdalen. Dei køyrte dit og enda oppover tunnelen, der dei såg skiltet om kafé. Plutseleg stod dei her, smiler ho.

Unik stad

Anlegget i Indre Ofredal har ei heilt spesiell historie med mellom anna ei unik sag. Det var her ordføraren i kommunen budde før i tida. No finn stadig fleire vegen ut til dugnadsgjengen.

– Folk har vore veldig positive, kjøpt masse vafler og kaffi. I år har me hatt fleire arrangement, så me trur denne sommaren er betre enn fjoråret, seier ho. 

Fem stjerner

Folk vert heller ikkje skuffa når dei først har funne vegen ut på ein kronglete og delvis asfaltert og delvis gruslagt veg.

– Alle har skrytt. Me har ein slik rating på nett, der alle har gitt fem stjerne bortsett fra ein som gav fire. Me vil jo helst ha fem, ler ho. 

Til toppen