ÅTTE MÅL: Det er fort gjort å gå i surr når du skårar åtte mål. Malvin Gjerde viser at han har kontroll på tellinga.
ÅTTE MÅL: Det er fort gjort å gå i surr når du skårar åtte mål. Malvin Gjerde viser at han har kontroll på tellinga. (Foto: Torbjørn Ylvisåker/Fjøra)

Grei dag på jobben: putta åtte, tok toppskårartittelen, slo klubbrekord, tangerte legender

Malvin Gjerde (26) tangerte èin Fjøra-rekord, og slo ein annan i serieavslutninga.

Fjøra-Bremanger: 12-0

– Det er smått utruleg, det kan eg innrømma, seier Malvin Gjerde.

Mot Bremanger i seriavslutninga på Fosshaugane laurdag netta han like godt åtte gonger. Måla kom i det 1., det 11., 19., 24., 47., 54., 70. og 71. minutt.

– Eg fekk servert ein del av lagkompisane, så eg utnytta det godt, seier Gjerde.

Før kampen låg han likt med Kristian Lefdal på Eid i kampen om toppskårartittelen i Kretsligaen. Det trofèet er på veg til Sogndal, sidan Lefdal berre greidde å skåra fire mot Skavøypoll same kveld.

Rekordfall

På seniornivå har Gjelde aldri skåra meir enn fem mål i ein kamp før. Som junior er rekorden sju.

I tillegg til toppskårartittelen, og dei personlege rekordane, tangerte Gjerde ein klubbrekordar og slo ein annan under kampen.

Åtte mål har ingen Fjøra-spelar greidd å skåra i ein tellande kamp før. Einar Kvam greidde like mange, men det var i ein treningskamp mot Foldal i 1994, ifølgje Facebook-statusen til Fjøra etter kampen. 

Der står det òg at 31 mål på ein sesong like mange som Bjarte Vatlestad skåra i 1998 og Einar Kvam i 2001, som var dei to rekordinnehavarane før i dag.

– Eg hadde ikkje fått med meg at eg var i nærleiken av dei, men det er kjekt å bli ein del av historia til Fjøra. Eg var mest oppsett på å runda tretti skåringar, det var eit lite mål når eg først hadde fire til pause, seier Gjerde.

Får testa seg på nivået over

For gjestene vart det ein svart dag på jobben. Morten Knutsen og Steffen Olsen med eitt mål kvar og to av Mathias Hovland gjorde audmjukinga komplett. Heile tolv mål måtte Bremanger-keeperen plukka ut av eige nett før det var over.

Utan at det vekka den store sympatien hos åttemålsskåraren.

– Det greidde å halda plassen då, så slik sett var det ikke så gale for deira del, seier Gjerde.

No ventar tredjedivisjon for Fjøra. Sjølv om han vart toppskårar i divisjonen, føler Gjerde at det blir eit steg opp for han òg.

– Eg blir heilt sikkert med Fjøra neste sesong òg, i allefall vårsesongen. Så får me ta det derifrå, seier han.

Til toppen