KJEM TIL FRESVIK: Odd Nordstoga er eitt av dei første namna som no blir offentleggjorte av artistane som skal spele på neste års Fres Festival. Foto: Svein Erik Kvamsdal/Stageway 
 
KJEM TIL FRESVIK: Odd Nordstoga er eitt av dei første namna som no blir offentleggjorte av artistane som skal spele på neste års Fres Festival. Foto: Svein Erik Kvamsdal/Stageway  

Gjett kven som kjem til ein festival nær deg

Fresn rullar ut musikalsk storkanon til neste års festivalsommar.

Fresvik: 2017-utgåva av Fres Festival er åtte månader unna, men allereie no kan festivalleinga frista publikum med ein skikkeleg tungvektar i norsk musikkliv.

TIDLEG JULEPRESANG: Gunnar Husabø i Fresvik Festvial kunne i går skjenke festivalfolket ein skikkeleg førjulspresang i form av ingen andre enn Odd Nordstoga. Her frå eit reiselivsseminar på Høgskulen tidlegare i år.

I går vart det nemleg klart at Odd Nordstoga blir å sjå på Skausgarden i Fresvik i slutten av juli.

– Me er veldig nøgde med å presentere han. Det er eit namn som har vore på blokka lenge. For vår del var det stort å endeleg få avtalen med han i boks, seier Gunnar Husabø, ein av dei fire festivalsjefane.

I tillegg til Nordstoga har festivalen ytterlegare to artistar klare. Det internasjonale alibiet kjem i form av svenske Västerbron, medan Slegest frå Systrond sørgar for kortreist og hardtslåande metal av den gode gamle sorten. 

– Västerbron var hos oss i fjor og gjorde ein strålande konsert, slik at me berre måtte ha dei tilbake. Det er eigentleg det som ligg bak all vår kløktige strategi: me bookar musikk som me likar.

Slegest er ein av dei faste gjengangarane på Fresn. I år er dei aktuelle med nytt album og i desember skal dei på turnè i Europa. 

– Dei er aldri vanskelege å be. Dei har eit namn utanfor Sogn, reiser på store turnear og har fått strålande omtalar blant dei som kjenner til denne type musikk. Så me hadde booka dei sjølv om dei ikkje kom frå Systrond, seier Husabø.

KJEM TIL FRESVIK: Slegest og frontfigur Stig Ese Eliassen tek sikte på å glede fresvikbygda med systrondmetal neste sommar.
KJEM TIL FRESVIK: Slegest og frontfigur Stig Ese Eliassen tek sikte på å glede fresvikbygda med systrondmetal neste sommar.
Til toppen