LYTTA OG NOTERTE: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (bak), i lag med statsråd John-Ragnar Aarset (f.v) og statsråd Bård Hoksrud på tarikkstasjonen på Håbakken i Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen. 
LYTTA OG NOTERTE: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (bak), i lag med statsråd John-Ragnar Aarset (f.v) og statsråd Bård Hoksrud på tarikkstasjonen på Håbakken i Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen. 

– Gjev heilt nye moglegheiter

Lærdalsordførar Jan Geir Solheim seier at tunnel på Rv 52 Hemsedalsfjellet og bru over Sognefjorden, gjev både fylket og Lærdal heilt nye moglegheiter for framtida. 

Både næringsliv, politikarar og ordførarar var på plass på trafikkstasjonen til Staten vegvesen på Håbakken, då mellom anna samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og statssekretær Bård Hoksrud stoppa i Lærdal på tur frå Oslo til Bergen. 

Målet med turen var å få kjenne på alternativa til aust-vest samband på kroppen, og for å få innspel frå folk flest om kva som bør vera framtidas stamveg mellom Austlandet og Vestlandet. 

Leiinga i samferdsledepartementet nytta den korte tida til å spørje ut dei frammøtte, som gav tydelege signal på kva dei tenkjer om framtidig stamveg. 

SAMLA: Både ordførarar, politikarar og næringsliv var samla på trafikkstasjonen på Håbakken i Lærdal for å gje innspel til leiinga i samferdsledepartementet måndag.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Nøgd med planane

Solheim seier han er godt nøgt med aust-vest utgreiinga frå Statens vegvesen og særleg konklusjonen, der dei tilrår at Rv 52 Hemsedalsfjellet er ein av to stamvegar mellom aust og vest. 

– Det som overraskar meg er kor tøft me har tort å tenkje. Nemleg med bru over Sognefjorden ved ferjesambandet Fodnes-Mannheller i tillegg til tunnel på Rv 52 Hemsedalsfjellet, slik at me får ein ferjefri og fjellfri passering til og frå Vestlandet og Austlandet. Det betyr kortare, raskare og sikrare vegar, seier Solheim. 

Solheim ser på Lærdal som knutepunktet mellom Oslo og Bergen, med Rv 5 og E16 Lærdalstunnelen til Bergen og Rv 52 Hemsedalsfjellet som den kortaste vegen til Oslo. 

– Geografisk er me midtpunktet, og me har sett potensialet for næringsutvikling på Håbakken. Med tunnel på Hemsedalsfjellet og bru over Sognefjorden, kan enda fleire sjå potensialet som ligg her på Håbakken. Dette gjer store moglegheiter for Sogn og Fjordane med tanke på verdiskaping, felles arbeidsregion og å få varene som blir produsert raskara og enklare ut. Eg ser lyst på framtida til Lærdal og eg trur dette vil bety enormt for heile fylket, seier Solheim. 

LØFTAR SOGN: Bru og tunnel  vil vera viktig for heile Sogn, seier Sogndalsordførar Jarle Aarvoll.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Samlar Sogn

Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal, legg vekt på at for nordre del av Vestlandet, heile Sogn og Fjordane og store delar av Møre og Romsdal, vil den kortaste vegen til Oslo vera Rv 5 om Sogn og over Rv 52 Hemsedalsfjellet. 

– Tunnel gjennom Bjøberg til Borlaug på Hemsedalsfjellet, er ikkje så samfunnsøkonomisk åleina, som tunnelen pluss ei bru over ferjesambandet Mannheller- Fodnes. Det vil også binda regionen tettare saman,  seier Aarvoll. 

Han sett pris på at ein ved val av stamveg, nyttar eksisterande infrastruktur i staden for å starte på null, slik som tidlegare år. Mellom anna er ei bru over Mannheller-Fodnes, eit godt utgangspunkt for ferjefri E39. 

SPARAR TID OG PENGAR: Jan Petter Vadheim, i Lerum.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Viktig for næringa

Jan Petter Vadheim, direktør for forretningsutvikling i Lerum seier at tunnel og betre veg over Hemsedalsfjellet vil gjera kvardagen betre for Lerum sine sjåførar som fraktar varer til Oslo. Det vil opne moglegheiter for å nytta større lastebilar og at ein sparar betydelege summar på transport mellom aust og vest. 

– For oss er det førsteprioritet på tunnel på Hemsedalsfjellet. Så når dei mellom anna får orden på vegane i Nordfjord, vil trykket på bru over Sognefjorden koma sterkare, seier Vadheim. 

KNUTEPUNKT: Magne Ahlin, dagleg leiar i Slinde Transport AS har alt sett moglegheitene på Håbakken. 
Foto: Ina Eirin Eliassen

Magne Ahlin, dagleg leiar i Slinde Transport AS har alt sett moglegheitene på Håbakken og har etablert bedrifta Slinde transport AS nettopp her. 

- Me satsar på transport mellom aust og vest og har etablert oss her på grunn av avstanden til Oslo og Bergen. Me køyrer vegen kvar einaste dag, og er takksame for at de tok turen, og kjenner på kva me står i, seier Ahlin til leiinga i departementet under møtet på Håbakken. 

Tydlege signal

– Kva betyr det at samferdleministeren stoppar og tek seg tid til å høyre på kva de her i området tenkjer?

VINN-VINN: Bru og tunnel vil opne moglegheitene for heile fylket, seier Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal.
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Det betyr mykje og dette var eit godt forum. Alle ordførarane som også stilte opp syner at samferdsle er viktig og betyr mykje for dei fleste. Me fekk jo ikkje all den tida me hadde tenkt, men det er ikkje alltid like viktig. Det viktigaste er at me var klare og tydlege på kva me ønskjer. Det er tunnel på Hemsedalsfjellet, bru over Sognefjorden og å få sluttført E16 Filefjell. På E16 manglar det framleis nokre midlar, som berre må koma, seier Solheim til Porten.no.  

 

Til toppen