GJEV IKKJE OPP FRILUFTSBASSENGET PÅ ÅRDALSTANGEN: Dei tre tiandeklassingane (f.v) Runar Vangen Granby, Sebastian Dvergedal og Håkon Myklebust Valaker har skrive eit brev til Hydro og Norsun og bede om bassengtilskot. Over hundre av medelevane deira stiller seg bak brevet.
GJEV IKKJE OPP FRILUFTSBASSENGET PÅ ÅRDALSTANGEN: Dei tre tiandeklassingane (f.v) Runar Vangen Granby, Sebastian Dvergedal og Håkon Myklebust Valaker har skrive eit brev til Hydro og Norsun og bede om bassengtilskot. Over hundre av medelevane deira stiller seg bak brevet. (Foto: Snorre Sandemose)

Gjev ikkje opp: No vil dei høyra med Hydro og Norsun om dei kan bistå i bassengsaka

Etter at kommunestyret vedtok å ikkje løyva pengar til å halda ope friluftsbassenget i sommar, bed elevane dei to største verksemdene i Årdal om hjelp.

Gjev ikkje opp draumen om friluftsbasseng 

  • Næringslivet er elevane ved Tangen skule sitt siste håp for å halda friluftsbassenget i bygda ope i sommar.
  • Politikarane tok ikkje høyringsinnspel frå born og unge til fylgje. På førre kommunestyremøte røysta dei ned den utandørs bassengdrifta på Årdalstangen for i sommar. 
  • Hovudgrunngjevinga var at utgiftene med å gjera naudsynt vedlikehald på bassenget ville vore ekstra høge i år. Desse kom heilt uventa på både rådmann og folkevalde.
  • Dei kommunale pengane som fyrst var tenkte til å gå til drift av friluftsbassenget i sommar, skal dermed i staden investerast i eit framtidig nytt sentrumsprosjekt på Årdalstangen. 

Årdal: – Me tenkjer at det er store verksemder som tenar mykje pengar. Og me håpar at dei kunne tenkja seg å støtta dette, seier Sebastian Dvergedal.

Han er ein av tre tiandeklassingar ved Årdalstangen skule som har skrive eit felles brev til Norsun og Hydro. 

I brevet spør dei, og alle dei omlag 120 elevane som har underteikna det, om Hydro og Norsun kunne tenkja seg å bidra med den millionen som manglar til å gjera naudsynt vedlikehald på bassenget i år. 10.-klassingane har samla underskrifter frå femteklasse og oppover. 

– Det er mange av dei som jobbar både på Norsun og Hydro som har born på Årdalstangen. Det ville vore fint om verksemdene ville gje eit slikt bidrag til bygda dei er i, seier Dvergedal vidare.  

BREV MED UNDERSKRIFTER: I brevet vert det skildra kor viktig elevane ved skulen synest bassenget er for ungdomen på Årdalstangen. Bilde: Snorre Sandemose

– Eg synest det er so dumt om bassenget skal halda stengt. Når me var yngre so gjekk me alltid dit om sommaren. Dermed hadde me alltid noko å gjera på om somrane når me var små. Og no kan ikkje dei mindre ungane gå i bassenget og symje. Det er veldig dumt, seier Runar Vangen Granby. 

Lærar og medelevar stør heilhjarta opp om utspelet

Når Porten.no kjem til skulen er det Sigfrid Hovland me møter ifrå lærarstaben.

– Eg stør kampanjen deira heilhjarta. Eg synest det er eit godt initiativ, seier ho. 

Borte på ein benk sit det to niandeklassingar som òg stør opp om brevet. Dei har  signert det.  

HÅPAR PÅ BASSENGIDYLL TIL SOMMAREN: Oda Blikken (t.v) og Ingeborg Dale Kjærvik stør opp om brevet som dei tre gutane har teke initiativ til å skriva. Dei synest bassenget er viktig for trivnaden i bygda sommarstid. Foto: Snorre Sandemose

– Dette er eit bra intiativ. So kan me få høve til å vera litt meir ute i sommar og ha ein plass å vera, seier Ingeborg Dale Kjærvik. 

Ho får støtte av veninna.  

– Me har jo brukt bassenget mykje kvar sommar når det har vore ope, so det er veldig trist når det stengjer. Og det er ikkje so mange tilbod me har her på Tangen, eller i Årdal generelt, seier Oda Blikken. 

– Spesielt når det er fint vêr er det gøy å ha ein plass å fara til, seier Kjærvik. 

– Friluftsbassenget ein sosial plass i bygda

Håkon Myklebust Valaker er den tredje tiandeklassingen bak brevtiltaket. 

– Friluftsbassenget er ein sosial plass å vera for dei unge og for dei litt eldre, seier han.

MANGE UNDERSKRIFTER: Tre fullskrivne A4-sider med underskrifter frå Årdalstangen skule har det vorte. Bilde: Snorre Sandemose

Han trur bassenget spelar ei viktig rolle i å knyta bygda saman om somrane. 

– Hydro tener ganske mykje pengar, det burde ikkje vore problem for dei å bidra. Til saman håpar eg at Norsun og Hydro kan bidra med ein million, held Valaker fram. 

Sebastian Dvergedal seier so at no er det berre å setja sin lit til desse to.

– Det er dei største bedriftene me har, so det er den største sjansen me har, seier han. 

Slik er ordlyden: 

«Det betyr så mykje for oss ungdommar på Tangen at friluftsbadet vårt blir opna til sommaren. Det er ein kjempefin plass der me alle møtest om sommaren og har det kjekt i lag. Me synest det er veldig trist at kommunestyret har vedteke å ikkje bruka midlar på å halda friluftsbadet ope. Så me håpar at de vil bidra med den millionen som trengst for å halda bassenget ope. Det hadde betydd så utruleg mykje for oss.»

Elevane som har skrive under er gjorde kjende med at brevet er stila til dei to største verksemdene i kommunen, Hydro og Norsun. 

Til toppen