BIDRAG: Slingsbyprisen 2015 går til dei jordskjelvråka sherpaene i Nepal som tidlegare har utført arbeid i Jotunheimen. Slingbystiftinga representert ved Erling Eggum (t.v), styreleiar Petter Løvdahl, Rigmor Solem, Slingby-kopien Geir Leon Øvstetun og Ole Magnar Nundal. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
BIDRAG: Slingsbyprisen 2015 går til dei jordskjelvråka sherpaene i Nepal som tidlegare har utført arbeid i Jotunheimen. Slingbystiftinga representert ved Erling Eggum (t.v), styreleiar Petter Løvdahl, Rigmor Solem, Slingby-kopien Geir Leon Øvstetun og Ole Magnar Nundal. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Gjev pris til jordskjelvråka sherpaer

Med handmakt har dei reparert steinmurar og stiar fleire plassar i Jotunheimen. No reparerar dei sine eigne heimar etter jordskjelvet i Nepal, og årets Slingsby-pris går til dei jordskjelvråka sherpaene.

– Landsbyane ligg oppe i Himalaya på godt over 3000 meter over havet, og det ser ut til at sherpaene som held til her må bu i telt den komande vinteren.
- Rigmor Solem

25. april i år vart Nepal råka av det kraftigaste jordskjelvet på 80 år, og fleire landsbyar vart fullstendig raserte. Skjelvet gjorde stor skade på blant anna infrastrukturen i Sagarmatha nasjonalpark og i landsbyane rundt. Sherpaene som har utført arbeid i Jotunheimen bur i dette området og er hardt råka av skjelvet. 

– Landsbyane ligg oppe i Himalaya på godt over 3000 meter over havet, og det ser ut til at sherpaene som held til her må bu i telt den komande vinteren, seier Rigmor Solem i Slingsbystiftinga. 

Mange spor etter sherpaene

I Årdal og Jotunheimen fins det mange spor etter sherpaene frå Nepal. I 2009 hadde dei sin fyrste sommar i den ville vestlandsnaturen, og sherpaene har vore attende ved fleire høve for å reparere stiar og murar i populære turområde i fjellheimen.

Prisutdeling med ein vri

Slingsbystiftinga gjev årleg ut Slingsbyprisen som er med på å føre vidare minnet om den britiske fjellpioneren William Cecil Slingsby. Føremålet med prisen er å stimulere til interesse for og kunnskap om norsk natur og fjellvandring. Gode mellommenneskelege relasjonar er og sentralt for Slingsbyprisen. Kandidatane til prisen plar vere lag, organisasjonar eller enkeltpersonar som har utmerka seg innan eit eller fleire av desse områda.

I år gjer Slingsbystiftinga ein vri, og har bestemt at Slingsbyprisen 2015 går til sherpaene sine landsbyar som vart råka i det kraftige jordskjelvet. – Me har jo fått eit personleg forhold til fleire av dei som var her. Me fjellfolk må hjelpa kvarandre, seier Ole Magnar Nundal. 

Dei siste åra har prisen på kr. 3000,- gått til organisasjonar og lag som Tangen Køyre- og Rideklubb, fleire lokale turlag i Den Norske Turistforeningen, unge handballdommarar og Årdal Hundeklubb.

Bidrag frå publikum

Sjølv om mottakarane av Slingsbyprisen 2015 ikkje var tilstades, vart det offentleggjort på søndag under Nasjonalparkfestivalen "Under Storen" i Skåri. Publikum vart og oppmoda til å bidra med eit beløp til attreising av sherpa-landsbyane. 

Ho påpeikar at pengane som kjem inn til dette føremålet, i tillegg til Slingsbyprisen på kr. 3000,-, går direkte til landsbyane. 

 

Til toppen