HABILITET: Aleksander Øren Heen (Sp) (til venstre) ville ha habiliteten til mellom anna ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) vurdert då kommunestyret handsama ei sak om Årdal Utvikling, der ordføraren sit i styret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Gjorde rett på andre forsøk: – Skal syta for at det blir riktig heretter

Ordførar Arild Ingar Lægreid og politikarane Marie Helene Hollevik Brandsdal, Kurt Jevnaker og Anne Kauppi forlot alle fire salen då årsmeldinga til Årdal Utvikling skulle handsamast torsdag.

Årdal: Det er i motsetnad til sist denne saka var oppe før påske. Då reagerte Senterparti-politikar Aleksander Øren Heen. Dei fire sit nemleg i styret til stiftinga Årdal Utvikling, og då meinte Heen at dei fire var ugilde når saka skulle handsamast.

I førre møte vart det røysta om ugildskapen – også dei det galdt røysta – og dei fekk alle bli sittande i salen. Heen sendte då inn krav om lovlegkontroll til Fylkesmannen. Då saka kom opp att torsdag, vart alle fire sendt på gangen.

– Eg innser i dag at heretter kjem me iallfall til å praktisere dette riktig. Eg meiner tilliten til meg er svekka fordi det reist spørsmål om ugildskap. Stiftingar vert medrekna i forvaltningslova når det gjeld habilitet, så heretter forheld eg meg til det og melder meg inhabil i saker om Årdal Utvikling så lenge eg sit i styret, seier Lægreid til Porten.no.

Kalla inn vara til å røyste

Sidan kommunen no innretta seg etter reglane, er saka slik sett ute av verda. 

Torsdag var to vara kalla inn eins ærend for å røysta i saka. 

– Systemet er bygd opp slik at viss du på førehand veit at du kan vere inhabil, skal du ta det opp med ordførar eller sekretær. Då prøver me å kalle inn vara som kan vere med og handsame den saka. Dei som hadde høve, møtte i dag, seier ordføraren.

– Heretter skal me iallfall handtere det på riktig vis. Så lenge eg sit i styret skal eg syte for det for min eigen del i det minste, legg han til.

Slik svara Fylkesmannen

Då Porten.no skreiv om saka i slutten av mars, svara seniorrådgivar Arnt Erik Nordheim hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at dei ikkje tek stilling til konkrete saker om habilitet i kommunane med mindre det er snakk om klagesaker eller ved lovlegkontrollar, men på generelt grunnlag svara han at etter reglane i paragraf 6 kan folkevalde bli inhabile på grunn av tilknytingsforhold til den som er part i saka.

– Slike tilknytingsforhold kan til dømes vere slektskap, representasjonsforhold, eller ulike typar leiande posisjonar i føretak med meir som er part. Dersom det ligg føre slike tilknytingar, vert den folkevalde automatisk inhabil til å førebu saka, og til å ta avgjerd, sa han.

Han legg til at folkevalde kan også bli inhabile dersom det ligg føre andre særeigne forhold, som er eigna til å svekke tilliten til ei upartisk avgjerd. Dette alternativet føreset ei meir skjønnsmessig heilskapsvurdering, skriv han.

– Ved avgjerd av spørsmålet, skal det då mellom anna leggjast vekt på om saka inneber særlege fordelar, tap eller ulemper for vedkommande, eller for nokon som representanten har nær personleg tilknyting til.

På spørsmål om medlemmane sjølve kan ta stilling til eigen habilitet, svara han:

– Spørsmål om habilitet skal handsamast etter framgangsmåten i forvaltningslova paragraf 8. I folkevalde organ er det organet sjølv som avgjer spørsmålet. Den eller dei medlemmene habilitetsspørsmålet gjeld, kan gje uttrykk for si oppfatning av spørsmålet. Utover dette kan ikkje vedkommande medlem delta i avgjerda av habilitetsspørsmålet, korkje i drøftinga eller i avstemminga.

Til toppen