SLAGSMÅL: Politiet måtte stoppa eit slagsmål i sentrum i Øvre Årdal i natt. 
SLAGSMÅL: Politiet måtte stoppa eit slagsmål i sentrum i Øvre Årdal i natt. 

Gjorde skade på bil og slåst

Det vart nok å gjera for politiet i natt.

Årdal: Over heile fylket har politiet hatt nok å gjera i løpet av natta, og i Årdal har det vore to episodar som er nemnde i loggen.

Den første gjekk på at ein rusa person hadde gjort skade på ein bil. Personen vart teken hand om og køyrt heim til foreldra. Dette er ei sak som vert fulgt opp, skriv politiet.

Litt seinare måtte politiet stoppe eit slagsmål i sentrum i Øvre Årdal. Dette vart ordna opp på staden. 

Til toppen