INVESTERA: Erling Eggum fortel det kan bli aktuelt å investera i Tya Bakeri når Klingenberg no kjøper den populære kafèen og puben. Foto: Ole Ramshus Sælthun/Arkiv/Synne Haga
INVESTERA: Erling Eggum fortel det kan bli aktuelt å investera i Tya Bakeri når Klingenberg no kjøper den populære kafèen og puben. Foto: Ole Ramshus Sælthun/Arkiv/Synne Haga

Glad for å få tilliten til å driva Tya vidare

Klingenberg hotell kjøper Tya Bakeri pluss den samlokaliserte pubdelen. 

Årdal: – Me er veldig glade for at eigaren tok kontakt og gir oss tillit til å driva dette vidare.  Me er opptekne av å vidareføra Tya, som er ein flott stad for bygda, seier Erling Eggum, drivar av Klingenberg hotell.

Det er holdingselskapet som også eig Utla Kafè og Bar og Sitla Hotell og Appartement som no kjøper Tya. Det vil seia Tya Bakeri, pluss pubdelen. Bryggeriet er eit eige selskap og er ikkje ein del av dette, men puben der ølet blir selt kjem altså på holdingselskapet sine hender.

 – Så er det eit eigarselskap som eig bygget. Me får moglegheit til å samordna drifta mellom Utla og Tya, det er bra for begge med tanke på få mest mogleg lønsemd. Me har ein liten og ganske statisk marknad, så det er eit steg i rett retning.

– Betryggande

Eggum fortel vidare at salet vart avtalt i går etter ein lengre prosess. Gründer og innehavar av Tya Bakeri, Linda Borlaug, fortel det er med blanda kjensler ho no sel det ho og mannen starta opp.

– Det er godt på den måten at eg føler det er noko Erling kan ta godt vare på. For meg vart det for tungt å driva åleine.

– De har jo skapt noko veldig mange set stor pris på - kva tenkjer du om at ein så stor aktør som Klingenberg vil ta det vidare?

– Det er veldig kjekt og betryggande. Erling har lang fartstid i bransjen, eg stolar på han og trur han fiksar dette utmerka.

– Kan bli aktuelt med investeringar

Eggum vil ikkje seia noko om kjøpssummen, men fortel dei har planar for vidareutvikling

– Me driv vidare frå 1.desember og i første omgang på same måte som Tya har vorte drive. Så skal me bruka tida på å læra verksemda å kjenna og diskutera planar med personalet - me vil tenkja nøye gjennom korleis me skal driva vidare. Det kan bli aktuelt med investeringar både på Tya og Utla.

– Kan du seia noko om kva det inneber konkret? 

– Det er litt tidleg enno, me skal bli kjende med bedrifta først.

 

Til toppen