NAUDSYNT: Sandra Opheim (MDG) meiner det er heilt naudsynt at kommunane får stønad sidan det er kommunane som må ta mykje av jobben dersom samfunnet skal omstilla seg til å bli eit lågutsleppssamfunn. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NAUDSYNT: Sandra Opheim (MDG) meiner det er heilt naudsynt at kommunane får stønad sidan det er kommunane som må ta mykje av jobben dersom samfunnet skal omstilla seg til å bli eit lågutsleppssamfunn. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Glad for at regjeringa vil gi kommunane klimaløft

Sandra Opheim (MDG) meiner det er kommunane som må ta mykje av jobben dersom samfunnet skal omstilla seg til å bli eit lågutsleppssamfunn, og då må pengane følgja etter.

Årdal: Regjeringa har sett av 100 millionar kroner i støtte til klimasatsing i kommunar og fylkeskommunar i 2016.

– Kommunane spelar ei nøkkelrolle i overgangen til lågutsleppssamfunnet. Målet er at den nye støtta til klimasatsing skal kunne gi betydelege reduksjonar i utsleppa av klimagassar lokalt, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Det er varaordførar i Årdal kommune, Sandra Opheim (MDG), glad for å høyra. Ho meiner denne satsinga er heilt naudsynt.

– Det er kommunane som må gjera veldig mykje av jobben med at samfunnet skal omstilla seg til lågutsleppssamfunn. Då må kommunane få midlar til det, seier ho.

NØKKELROLLE: Vidar Helgesen meiner kommunane spelar ei nøkkelrolle for å få redusert klimagassutsleppa.
NØKKELROLLE: Vidar Helgesen meiner kommunane spelar ei nøkkelrolle for å få redusert klimagassutsleppa.

Prosjekt som gir utsleppsreduksjon

Dei 100 millionar kronene som regjeringa og samarbeidspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti no set av til støtteordninga som har fått namnet «Klimasats», skal gå til konkrete prosjekt som gir utsleppsreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet i norske kommunar. Delar av pengane kan gå til planlegging og utgreiing av tiltak, og til nettverk og erfaringsdeling.

I februar bleste dei folkevalde støvet av klima- og energiplanen til Årdal kommune då den vart handsama i formannskapet. Der peikte Opheim på at reduksjon av klimautslepp også er eit lokalt ansvar.

– Også her skal me redusera klimagassutsleppa. Med denne satsinga til regjeringa kan kommunane søka om stønad. Då må kommunen sjå seg om og søkja etter midlar. For å søkja må tiltaka vere politisk forankra, og nyleg gjekk formannskapet samrøystes inn for at trafikken i sentrum skal reduserast, seier ho.

Vil ha mindre trafikk i sentrum

Det var MDG-politikaren som fremja forslaget om å redusere trafikken i sentrum i Årdal i førre formannskapsmøte då temaplanen for utedrift vart handsama. 

– Det er heilt naudsynt å redusera biltrafikken i sentrum, og spesielt rundt skulane er det mykje trafikk når folk skal køyra ungane til og frå skulen. Det er risikofylt med så mykje trafikk, og mindre trafikk vil føre til mindre utslepp. 

– Me må ha med kommunane på laget for å få redusert Noregs utslepp av klimagassar. Dei kan for eksempel legge til rette for mindre bilbruk gjennom arealplanlegging og er svært viktige for å få til andre konkrete klimatiltak. Me gler oss difor til mange gode søknader frå kommunar og fylkeskommunar, understrekar Helgesen i ei pressemelding.

– Må diskutere

Frå klima- og energiplanen ligg prosjekt som skyttelbuss mellom Øvre Årdal og Årdalstangen og leasing av hybrid-bilar til kommunal bruk inne som tiltak som vil føre til mindre utslepp.

– Korleis skal ein få til dette?

– Det må me folkevalde finne ut saman. Eit tiltak kan vere å leggja betre til rette for sykkel og sykkelparkering. Mindre trafikk vil føre til at folk vil gå og sykla fordi det er lettare å koma seg fram også, trur eg. Andre tiltak som er nemnt i klima- og energiplanen er parkeringsavgift, svarar Opheim.

Fem år

Tidlegare denne veka sa alle partia på Stortinget unntatt Frp eit klart ja til ei ny lov som vil gi kommunane heimel til å opprette lågutsleppssonar.

I fjor la Riksrevisjonen fram ein rapport som viser at Folkehelseinstituttets grenseverdiar for NO2-forureining blir brotne i alle kommunar som måler dette.

– No må kommunane søke og vise at dei er på ballen, oppfordrar Bjørklund.

Stortinget legg opp til at ordninga skal vare i minst fem år, med nye pengar kvart år.

(©NPK/Porten.no)

Til toppen