IKT-INVESTERING: Det er lagt opp til ei investering på 1,5 millionar kroner i IKT-utstyr ved skulane i Årdal i 2017. Det er rektor ved Tangen skule, Jan Kåre Stedje, glad for. Foto: Truls Grane Sylarnes (Arkiv). 
IKT-INVESTERING: Det er lagt opp til ei investering på 1,5 millionar kroner i IKT-utstyr ved skulane i Årdal i 2017. Det er rektor ved Tangen skule, Jan Kåre Stedje, glad for. Foto: Truls Grane Sylarnes (Arkiv).  (Foto: Arkiv)

Glad for IKT-investering i skulane

Det er foreslått å bruke 1,5 millionar på IKT i skulane i Årdal neste år. – Det ville vore eit glimrande utgangspunkt, seier rektor ved Tangen skule. 

Årdal: Jan Kåre Stedje seier dagens IKT-situasjon er varierande, det vil seie alt frå fleire år gamalt utstyr til relativt nytt. Kort oppsummert kan ein seie at behovet absolutt er tilstades. 

Allereie då revidert budsjett vart lagt fram i sommar, kom IKT inn. Då vart det sett av 4 millionar kroner som skulle fordelast på fire år, men i budsjettforslaget for 2017 som no er til behandling, er det lagt opp til ei investering på 1,5 millionar kroner i første år.

– Skulane i Årdal var i førarsetet for ein del år sidan, men no har me ein del utfordringar på dette området, seier Stedje.

– Me vart veldig glade for at politikarane sette av 4 millionar for dei neste fire åra, og så dukka det opp spørsmål om det ville vera fornuftig å bruke 2 millionar første året.

– Utolmodig

No ser det ut til at ein landar ein plass midt mellom, noko han ser på som eit glimrande utgangspunkt. Då formannskapet diskuterte budsjettet i formannskapsmøte tysdag, ville Arbeidarpartiet drøfte ein auke av potten til 3 millionar.

– Me er veldig utolmodige på IKT-satsing på skulane. Der ligg me bakpå, og me ønskjer at elevane skal få det dei treng, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 

Sandra Opheim (MDG) minna om at dette var noko dei foreslo sist dei diskuterte saka. I staden kom det ikkje noko framlegg til å endre summen på 1,5 millionar kroner, og dei bestemte seg heller for å finne meir ut av behovet fram mot neste møte.

Auka krav

Krava til elevane har auka voldsomt innanfor IKT. Det betyr at skulane må halde tritt både når det gjeld utstyr og læremiddel, men å bruke mykje pengar med ein gang, er ikkje nødvendigvis lurt.

– Utviklinga er står både på utstyr og læremiddel, og ikkje minst skal ein velje teknologi, om det er nettbrett eller PC, så ein må vera litt forsiktig med å bruke for mykje no før me har teke ein del viktige avgjerder, forklarar Stedje.

Mange løysingar

Og det ser ikkje ut til å vere ein riktig fasit. Medan skulen i Vik kjøper nettbrett til alle elevane, vel andre skular på løyse det på andre måtar med datarom eller berbare sett som ein kan flytte mellom klasseromma. Spør ein dei ulike skulane korleis dei tykkjer deira løysing, vil alle svare at det fungerer godt. Dessutan vil det også vere ulikt korleis skulane i Årdal vel å organisere dette.

– Så 1,5 millionar kroner er nok ikkje så langt unna det me treng. Me har gjort nokre sonderingar og sett opp behovet, og me har funne ut at me ikkje treng alle 4 millionane no. Då brukar me pengar på ting me ikkje veit er rett, held han fram. 

– Kor mykje får ein for 1,5 millionar?

– Det er eit godt spørsmål. For Tangen skule vil me iallfall vera veldig hjelpen med ein del av 1,5 millionar i 2017. Då får me dekka eksamensdelen, som alle skular må ha på plass, og ein får dekka dei viktigaste behova innanfor datarom, med datamaskiner i klasserom. Og så har ein alt rundt med trådlaust nett og lisensar på læremiddel, men med 1,5 millionar vil me koma godt på veg.

VIKTIG: Leiar i FAU ved Farnes skule, Vigdis Lio, seier investering i IKT-utstyr er heilt naudsynt og viktig.
VIKTIG: Leiar i FAU ved Farnes skule, Vigdis Lio, seier investering i IKT-utstyr er heilt naudsynt og viktig.

– Frustrerande for lærarar og elevar

Også i FAU takkar og bukkar dei for pengane som no kan kome. Leiar i FAU ved Farnes skule, Vigdis Lio, seier både lærarar og elevar har vore frustert over utdatert utstyr og læremiddel.

– Det er utdaterte lærebøker som ikkje omtalar oppgåver og tema som ikkje kjem på eksamen. Det gjer undervisninga vanskelig for lærarane. Elevane er frustrerte fordi dei får utdelt ein heil haug med kopiark som dei skal klippe og lime og svare på. Det er datamaskiner som ikkje fungerer og for gamalt utstyr og programvare. Me byrjar å bli lit oppgitt rett og slett, seier ho.

– Kor viktig er det då med denne investeringa?

– Det er heilt naudsynt, og det er veldig positivt at ein no kan få på plass noko som har vore ei mangelvare. Men det er viktgi at det blir bevilga pengar til vedlikehald også. Dette er program og teknologi som raskt vert utdatert. 

Til toppen