GLAD: Ordførar i Vang og leiar i Stamvegutvalet, Vidar Eltun, er glad for vegmillionane som ligg inne i statsbudsjettet til fullføring av strekninga Varpe bru - Smedalsosen på Filefjell. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
GLAD: Ordførar i Vang og leiar i Stamvegutvalet, Vidar Eltun, er glad for vegmillionane som ligg inne i statsbudsjettet til fullføring av strekninga Varpe bru - Smedalsosen på Filefjell. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Glad for vegmillionar til Filefjell

Ordførar i Vang, Vidar Eltun, er glad for pengane som er sett av til Filefjell-utbygginga i neste års statusbudsjett. 

Filefjell: Torsdag la finansminister Siv Jensen fram regjeringas forslag til statsbudsjett i 2017, men alt tyder på at det blir ein kamp i Stortinget før ein får sjå det endelege budsjettet.

For Sogn sin del var det først og fremst vegane som var vinnaren. Mellom anna vert det foreslått å bruke 239 millionar på strekninga Varpe bru til Smedalsosen på Filefjell. 

– Me er glade for satsinga på vegen vår, og at me vil ha ein hundre prosent vintersikker veg når Filefjellutbygginga er ferdig neste år, seier Vidar Eltun, leiar i Stamvegutvalet og ordførar i Vang kommune. 

Men ordføraren hadde håpar på ein litt meir offensiv politikk for E16 sin del. 

– I statsbudsjettet som vart lagt fram 6. oktober, er det få overraskingar, seier han vidare. 

Fleire vegprosjekt fekk pengar

Utbygginga frå Bagn-Bjørgo skal finansierast med 180 millionar frå bomselskapet. Det er forventa at strekninga skal opne for trafikk i 2020. Utbygginga over Filefjell skal sluttførast neste år, og får 239 millionar til dette.

Dei fire kilometrane frå Øye til Eidsbru som vart starta på i juni 2016, får 250 millionar neste år. Dette prosjektet skal stå ferdig mot slutten av 2018.

Elles var det ein del mindre prosjekt på E16 i Aurland og Lærdal som pengar i neste års statsbudsjett. 

– Må fullføre det som er starta

Eit prosjekt som får langt meir er Loftesnesbrui i Sogndal på riksveg 5. Her vert det foreslått 105 millionar kroner til prosjektet som allereie er starta. Heller ikkje Sogndal-ordføraren lot seg overraske.

– Når dei har byrja å byggje brua, så må jo ho ferdast fullt ut, seier han. 

– Det har vorte gjort eit godt stykke arbeid av mange politikarar både nasjonalt og lokalt tidlegare, som gjer at ein tidlegare fekk finansieringa på plass. Slik vil denne signalbrua kome på plass. For det er ei signalbru som er blitt meir enn berre ei bru. Slik har det vore sidan 1958, med gamle Loftesnesbrui, og slik skal det bli med ny Loftesnesbru. Men det at pengane kjem på plass no i statsbudsjettet, det er ein konsekvens av vedtak ein har gjort tidlegare. 

Til toppen