Horntind, Årdal turlag. Foto: 
Horntind, Årdal turlag. Foto: 

Glad i turopplevingar?

Årdal Gålag startar opp sin niande sesong med turar førstkomande onsdag. Då går turen til Moakamben. 

Årets turprogrammet inneheld mange flotte turar i Årdal i tillegg til nokre turar i nabobygdene. 

– Er du turglad og vil koma i betre form så bli med oss. Me kan love deg fine turopplevingar og du blir betre kjent i det flotte turterrenget me har. Kravet er at du må kunne bevege deg ute i terrenget, seier Gunvor Nordås i Årdal Gålag. 

Variert terreng og natur

Neste tur går vi Ljøsnaveiti i Lærdal. Her gjekk Årdal Gålag også i fjor, og har fått mange ønskjer om å setja oppatt turen. Utover mot sommaren blir det fleire turar i Lærdal, i juni blir det tur til Molden i Luster og siste tur før feiren går til Skjøld i Vang. 

– Om hausten har me alltid ein overnattingstur og i år går den til Hallingskarvet. Seinare skal me besøkje ein fråflytta høgdagard i Skjolden og til Bergheim i Luster. Me har som oftast med oss kjentmann på turane slik at me får med oss både historie og kultur, fortel Nordås. 

Her finn du programmet for turane til Årdal Gålag.

Håpar på fleire turgåarar

I 2014 gjennomførte Årdal Gålag 27 turar med eit snitt på 38 personar på kvar tur, og er utan tvil ein populær aktivitet.  

– Me har plass til fleire. Sidan Årdal kommune har vedteke å bli ein Friluftslivets år-kommune reknar me med å sjå mange nye turgåarar i år, fortel Nordås. 

Til toppen