VEKST: Pilene peikar i rett retning for Kristoffer Nystedt og Øystein Gulbrandsen på Utladalen Camping og Svalheim Gard. Ekstra gledeleg er at dei kan registrere at folk kjem til Årdal på ferie for første gang på lenge. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Gladmelding frå Kristoffer og Øystein: – No kjem folk til Årdal for å feriere

Medan Kristoffer Nystedt og Øystein Gulbrandsen tidlegare måtte gi gjestene sine tips til kva dei kan finna på i Årdal, har gjestene kome godt budde til bygda i sommar.

Utladalen: Reiselivsnæringa i Noreg sette i sommar ny overnattingsrekord for fjerde året på rad. I Sogn og Fjordane var det 906.038 overnattingar i sommar. Det er ein auke på 9 prosent eller 73.451 overnattingar frå sommaren 2016. Ingen fylke hadde større vekst målt i reelle tal.

I Utladalen i Årdal kan Kristoffer Nystedt trygt slå fast at tala stemmer for hans del også. Sesongen er nett avslutta, så han har ikkje oversikt over tala enno, men likevel kan han seie at det har vore ein «god auke». Det trass i mykje dårleg vêr i sommar.

– Sesongen har vore veldig bra. I fjor skjønte eg ikkje korleis eg skulle klara å toppa den, og i år har det kome endå fleire. Sesongen starta allereie i mai, og me har halde det gåande fram til slutten av september, der me stort sett var fullbooka frå juni og ut august, seier han.

– No skjønnar eg ikkje korleis me skal klara å toppa denne sesongen, ler han.

Til Årdal for å feriere

At det er vekst for ein reiselivsaktør i ein kommune som bevisst satsar på reiselivet, er kanskje naturleg i seg sjølv, men ekstra spesielt i år er kven som kjem til bygda og kvifor. For første gong på lenge er det nemleg slik at gjestene kjem til Årdal på ferie.

– Ja, det stemmer. Det er mykje nordmenn som har oppdaga Utladalen, men også utlendingar, og då spesielt nord-europearar. Dei kjem bevisst til Årdal for å sjå Vettisfossen, og så bur dei her på campingen og tar dagsturar i området.

– I fjor måtte me selja Årdal og fortelja gjestene kva dei kunne finna på her. Til vår store glede kjem dei no hit godt budde, forklarar Nystedt.

God marknadsføring

Gjestene er helst vandrarar og bilturistar som ønskjer å oppleva naturen i tillegg til dei som er på gjennomreise og vanleg yrkestrafikk. Campingsjefen meiner alt arbeidet som er lagt ned i marknadsføringa av Årdal, er årsaka til at det går så bra. 

Det går faktisk såpass bra at bedrifta hans talde seks årsverk i sommar. Likevel var det nok arbeid på alle, heile tida, seier Nystedt, som for eit par år tilbake fekk selskap av Øystein Gulbrandsen. Sidan har dei altså berre vakse. 

No er dei forsiktige optimistar for framtida. Det er framleis usikkert om boomen berre er ein trend.

Fortsette utviklinga

– Det er vanskeleg å seie om dette berre er ein mellombels suksess. Me må halde fram å utvikle. Er Vettisfossen så sexy som me vil ha det til? Eg meiner me kan gjera den meir sexy med bru over elva for å sikra eit betre innsyn. Me kan også utvikla Vettismorki, seier han.

Ein ting er sikkert, og det er at aktørane og kommunen må halde trykket oppe.

– Det som er flott, er at dette fører med seg noko positivt for andre enn sjølve reiselivet. Det er målbart gjennom handelen. Då har ein lykkast med noko. Difor burde fleire vera interessert i at reiselivet utviklar seg vidare.

Til toppen