SATSAR VIDARE: Etter nokre veker i tenkeboksen har Thomas Norheim Moen og resten av styret i Målrock beslutta å at det blir festival i 2018 trass to år på rappen med underskot.
SATSAR VIDARE: Etter nokre veker i tenkeboksen har Thomas Norheim Moen og resten av styret i Målrock beslutta å at det blir festival i 2018 trass to år på rappen med underskot. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Gladnyheit til festivalfolket: Det blir Målrock i 2018

Første artist er allereie hanka inn.

Årdal: Heilt sidan siste tone på årets festival vart spelt har det vore usikkert om det blei noko Målrock i 2018. To år med underskot er årsaka til det, men no kan festivalsjefen stadfesta at årdølene kan sjå fram til musikkfestival i 2018 også.

– Det kom me eigentleg fram til for eit par veker sidan, men me ville venta med å sleppa nyheita fordi me ville sleppa eit band samstundes. No klarte me ikkje å halde på det lenger, seier Thomas Norheim Moen.

Men han vil ikkje avsløra kva band dei har booka. Uansett er det mest sentrale no at festivalen faktisk held fram trass to utfordrande år økonomisk sett.

– Saman med samarbeidspartnerar har me i styret funne løysingar for korleis me kan driva vidare. Me må ta nokre kostnadskutt, men utan at det skal gå ut over kvaliteten på festivalen, held han fram.

Næringslivet og sponsorar bidrar

Det inneberer i grunnen at dei går litt tilbake til røttene. Torsdagen går ut, og det same gjer arrangementet i Skåri. Framleis vil dei satsa på friluftsdelen.

– Fordi det er noko som bidreg til å fronta kommunen og landskapet rundt oss. Det er noko alle kan tena på i det lengre løpet. 

Kor stort underskotet faktisk er, vil ikkje festivalsjefen seia, men det er tydeleg at det er samarbeidspartnerane som gjer sitt til at det blir fest i Meieriparken neste år også. 

– Næringslivet og sponsorane signaliserer med det kraftig at dei ønskjer å ha Målrock, at dei har trua på det opplegget me legg opp til no, legg Moen til.

Flyttar festivaltidspunkt

Det er fredag og laurdag som tradisjonelt er dei beste dagane. Under årets festival gjekk dei heilkommersielt med Lothepus i Skåri fordi arrangementet i Utladalen stort sett ikkje trekk nok folk. Og det var takka vera eit samarbeid med Årdal Kjemiske Fagforening at programmet på torsdag vart så bra som det vart. 

Med færre dagar, kan dei no køyre meir «fornuftige» festivalpass-prisar, som Moen seier. Å kutte torsdag og Skåri vil truleg også vera fornuftig dersom ein ser på kostnadene ved desse dagane.

Dette er ikkje dei einaste endringane. I 2018 flyttar dei også festivalen ei helg fram i tid til 3. og 4. august. Rett og slett i håp om at det vil gi fleire besøkande i den store konkurransen med andre festivalar både om merksemd, men også artistar.

Vil lytta til innspel

– Det har stadig dukka opp fleire og fleire festivalar, og det blir meir og meir krevjande å arrangera. Då risikerer ein at folk er metta når ein kjem godt ut i august, legg han til og innrømmer at dei kanskje bomma med artistane i år.

– Då me skreiv at det vurderte framtida til festivalen, fekk de passet dykkar påskrive i kommentarfelta på Facebook, der mange etterlyste band som DDE og Vassendgutane. Kjem de til å lytta til innspela?

– Det er klart me må høyre på dei, men så er det ein festival som skal favna om mange. Det hjelper ikkje berre å ha rap frå Bergen eller Kygo. Me må nå eit breitt spekter fordelt på få artistar.

Til toppen