KORK: Det har danna seg kø i Sogndalsdalen etter at vogntog fekk trøbbel på glatta.
KORK: Det har danna seg kø i Sogndalsdalen etter at vogntog fekk trøbbel på glatta. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Glatt føre skapte trøbbel i Sogndalsdalen

Vogntog sperra trafikken.

Sogndal: Politiet rykka torsdag ut til Sogndalsdalen etter meldingar om trafikkork. Eit vogntog hadde fått trøbbel på glatta, og sperra vegen.

Ein knapp halvtime seinare var floka løyst.

– Strøbil har vore på staden, opplyser vaktleiar Terje Magnussen på operasjonssentralen til politiet.

Har du tips eller bilete? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen