Filefjell: Det fekk ein bilist erfare fredag morgon. Vedkommande hadde lagt om til sommardekk, men dette kombinert med snø og slaps enda i ulykka.
Bilen køyrte av vegen, og både politi og ambulanse rykte ut til staden, men det skal ikkje vera snakk om alvorleg personskade.
Det er absolutt ikkje føre for sommardekk i fjellet fredag morgon. Både på Filefjell, Hemsedalsfjellet og riksveg 53 er det snø og slaps i vegbana som gir glatte parti og farlege forhold.