LIGG GODT AN: Anne Marie Mo, sakshandsamar i Lærdal kommunen presenterte tala for den kommunale drifta. Foto: Ina Eirin Eliassen
LIGG GODT AN: Anne Marie Mo, sakshandsamar i Lærdal kommunen presenterte tala for den kommunale drifta. Foto: Ina Eirin Eliassen

Gledde seg over gode tal

Prognosane over økonomistyringa i Lærdal kommune, imponerte medlemane i formannskapet. – Dette tal som det kjennest godt å overlevere til dei nye folkevalde, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Lærdal: Administrasjonen har laga ei prognose for den økonomiske stoda per 31. august i år og over det dei veit kjem av inntekter og kostnadar ut året. Rapporten over 2. tertial 2015 vart lagt fram og teke til vitande i formannskapet torsdag, utan at det var ønsker om å legga inn endringar i budsjettet. 

På drifta av dei kommunale einingane ligg det an til ein mindreforbruk på 106.000 kroner. I tillegg er det sett av 2 millionar til lønsauke, som er fordelt ut på einingane. KS-prognosane for rammetilskot ligg også kring 300.000 kroner over kva kommunen har budsjettert med. 

Saksutgreiinga finn du her.

Okken kjem betre ut enn først venta

Alt i juni varsla Okken Kraft Lærdal KF om svikt i inntekta på konsesjonskrafta. I august var resultatet ein svikt på 1 million, som er kring 1 million betre enn først venta. Framleis er det knytt usikkerheit til kraftinntektene ut året, men prisane er venta å auke utover hausten. Produksjonen i Stuvane kraftverk er over budsjettet og har redusert konsekvensen av låge prisar til no. 

Geir Berge Øverland (Ap) presiserte at Okken produserer meir enn nokon gong, og at det er tydeleg dei driv godt. 

Tertialrapporten til Okken Kraft finn du her. 

Ser ingen grunn til budsjettendringar

Små budsjettavik syner at det er god kontroll over budsjettet, då det er jobba systematisk med oppfølging av økonomien i kommunen. 

– Nokre einingar har brukt meir, andre mindre enn budsjettert. Det er knytt usikkerheit til skatt, der me brukar KS sin prognose. Sjølv om det ligg an til eit underskot på 3 millionar, fekk eg i dag veta at skatteinngangen er betre, slik at me ligg kring 870.000 kroner under budsjettet. Likevel er november er ein stor skattemåndad, så eg ventar me kjem greitt ut i 2015,  seier Anne Marie Mo, sakshandsamar i kommunen. 

Ho forklarar at med desse resultata har ho difor ikkje lagt inn budsjettendringar, noko ein kan gjera om politikarane ønsker det. Mo legg til at framleis kan tala endre seg til slutten av året. 

– Dette er grunn til å gje komplement til administrasjonen. Dette er mønstergyldig, eg er imponert mot kva me har sett av overforbruk og underforbruk i denne perioden. Dette tilseier ikkje budsjettendringar, særleg når me veit at den eine posten (skatteinngangen red.adm), som det er stor underdekning på, kan blir mellom 2 til 3 millionar høgare, sier Jan Olav Fretland (SV). 

Geir Berge Øverland (Ap) ser heller ingen grunn til budsjettendringar, med desse resultata. Han tykkjer også det er gledeleg at sjukefråværet syner ein nedgang på 2,4 prosent frå same periode i fjor. Sjukefråværet ligg no på 6,9 prosent.

– Eg trur det er klokt å avvente det til seinare når me ser dei endelege tala. Eg tykkjer det er betryggande å sjå at det er betre styring med økonomien no. Det er ein god tendens, seier Øverland.

– Betre tal enn me fekk overlevert

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) tykkjer også det har vore jobba godt og er grunn til skryt, noko rådmannen Alf Olsen jr. skulle ta med seg til administrasjonen. 

– Me kan ikkje ta ansvar for meir enn fire år, men det er historisk at me no klarar eit overskot på 106.000 kroner på drifta, då det ikkje har vore eit normalt driftsår. Dette er betre tal enn me fekk overlevert, og det skal bli godt overlevere desse tala til dei nye folkevalde, seier Solheim. 

– Me såg 2. tertial i fjor at det nærma seg kontroll. Eg er glad for å sjå at det fortsett slik, seier Trond Øyen Einemo (H).

Til toppen