ROBEK: Thomas Norheim Moen (Sp) synest det er gledeleg å sjå at Årdal snart kan vinke farvel til Robek. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ROBEK: Thomas Norheim Moen (Sp) synest det er gledeleg å sjå at Årdal snart kan vinke farvel til Robek. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Gledeleg å sjå utgongen av Robek

Årdal kommune er på god veg ut av Robek-registeret eit år før tida, men det er ikkje tid til å kvila, meiner dei folkevalde.

Årdal: Med eit mindreforbruk på 14,9 millionar kroner i 2015 er Årdal kommune i full fart på veg ut av Robek-registeret. Det gler politikarane i formannskapet seg over.

– Det er vanvittig gledeleg at me kan sjå utgongen på Robek. Samstundes er det viktig at me har fokus på effektivisering og kostnadsredusering i alle ledd. Det er ikkje sånn at fordi me er ute så har me mykje pengar, sa Thomas Norheim Moen (Sp) då formannskapet handsama årsrekneskapen tysdag.

Det er endringa på amortiseringa av premieavviket frå eitt til sju år som er hovudforklaringa på det positive resultatet. Også Arbeidarpartiet synest det er godt å sjå, og spesielt gledeleg er det at driftsresultatet også er godt.

– Netto driftsresultat syner eit mindreforbruk på om lag 3,6 millionar kroner, og det syner at tenesteområda har hatt god budsjettdisiplin og vore lojale, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 

Eit år før tida

Årdal vart meldt inn i registeret i mai 2013 etter eit akkumulert meirforbruk på 26,4 millionar kroner året før. I samarbeid med fylkesmannen i Sogn og Fjordane vart det laga til ein nedbetalingsplan, der planlagt utmelding skulle skje etter rekneskapsavslutninga for 2016. 

Sidan årsresultatet for 2015 viser så gode tal som det gjer, kan kommunen vinke farvel til registeret eit år før tida. Men først må fylkesmannen formelt godkjenne og melde kommunen ut. Det skjer truleg ein eller annan gong før sommaren.

– Dette syner at me har jobba hardt saman, at me har ein administrasjon som følgjer opp, og eg vil gi all mogleg ros til dei tilsette som i denne krevjande tida verkeleg har vist evne til omstilling og nytenking, seier Brandsdal. 

Avsett til fond

Også ho var klar på at steng budsjettdisiplin må halde fram, og Ap-politikaren let seg uroe av det nedgåande folketalet i 2015 frå 5429 innbyggjarar i 2014 til 5259 i fjor. 

– Det likar eg dårleg. Dei fleste som flyttar er i yrkesaktiv alder med ungar. Det var mellom anna 16 færre elevar på Farnes skule og 14 færre på Tangen skule, men det positive er at fødselstala har auka og ledigheita er den lågaste i fylket. 

I tilrådinga frå rådmann vert det foreslått at overskotet forutan å nyttast til inndekking, vert sett av til diverse fond. Rådmann tilrår at snaut 2 millionar kroner vert sett av til disposisjonsfond, 3,5 millionar til næringsfond, 1 million til ubundne kapitalfond og 500 000 kroner til energi- og klimafondet, der sistnemnte er ein plan kommunen no skal jobba med.

 

Til toppen