Glenn siktar mot VM i USA

Glenn siktar mot VM i USA

Det er ikkje mange som kjenner att Glenn Poulsen på gatene i Årdal, trass i er han ein av verdas beste utøvarar i vasski for funksjonshemma.  

Etter å ha vorte treft av lynet i ei arbeidsulykke i 2002, der han knakk ryggen og fekk ein skade i signalbanene i beina, måtte han sakte men sikkert venne seg til eit nytt liv og nye utfordringar.

På grunn av skadane er Poulsen i dag delvis lamma og har nedsett funksjonsevne i begge bein, og må difor bruke rullestol. Trass i handikappet har ikkje Poulsen lagt den aktive livsstilen på hylla, og no har han augo mot VM i USA til hausten.

– Å treffe hoppkanten i 90 km/t gjev eit sinnsjukt adrenalinkick, samstundes som idretten gjev meg kjensler av meistring. Idretten har vore ein stor faktor på vegen til å akseptere at eg skal tilbringe resten av livet i denne stolen,  fortel Poulsen til porten.no

Har alltid vore aktiv
I 2009 fekk Poulsen vite om idrettstilbodet til funksjonshemma, etter å ha gått i mange år utan å vite om at denne typen idrett eksisterte. Like etter begynte Poulsen med alpin, og ikkje lenge etter vart han tatt ut i ei satsingsgruppe mot OL i Sotsji. På på grunn av kulden måtte han denne diverre legge denne sportsgreina på hylla etter kort tid.

Seinsommaren 2010 fekk Poulsen augo opp for vasski etter ei samling på Sør-Odal Idretts aktivitetspark. Vassporten gav meirsmak, og Poulsen gjekk frå å alpin til vasski.

Etter å ha trena i 5-6  veker fekk Poulsen delta på EM i Italia, og seinare same år deltok han i konkurransen Recetto Trofe, der han tok ein imponerande 3.plass. Denne sigeren gav Poulsen ein velfortent plass på det norske funk-landslaget til VM i 2011.

Mange merittar
Poulsen er Noregs aller fyste sit skier som hoppar, og berre dette i er ein imponerande prestasjon i seg sjølv. I tillegg har han utmerka seg i mange internasjonale konkurransar, og lista over merittar har no vorte lang.

I 2011 deltok Poulsen i VM i USA, og der fekk han 12.plass i hopp etter berre ti treningshopp. Etter 12.plassen fekk Poulsen blod på tann, og bestemde seg for verkeleg å satse på vasski.

Året etter fekk han diverre ikkje delta i EM på grunn av skadar, men i 2013 var han tilbake på topp og i VM i Italia tok han 4.plass i hopp og ein svært imponerande 7.plass samanlagt. Poulsen er også innehavar av fleire norgesrekordar, mellom ann i greinene slalåm, trick og hopp.

AKTIV GUT: For 13 år sidan havna Pulsen i rullestol, i dag er han oppteken av å gjere det beste ut av det.
AKTIV GUT: For 13 år sidan havna Pulsen i rullestol, i dag er han oppteken av å gjere det beste ut av det.

Eitt års pause
Det heile toppa seg i september 2013 då Poulsen deltok på ein konkurranse i Toulouse i Frankrike som ein del av turneringa Eurotour. Her gjekk Poulsen heilt til topps, og kom på fyrsteplass i greina hopp.

Året etter var ikkje Poulsen i stand til å delta på konkurransar, då han vart liggjande på sjukehus heile sommaren på grunn av operasjonar.

Likevel vonar Poulsen om å vere attende på topp allereie i år, og han har store planar om å ta medaljar under VM for funksjonshemma til hausten.

Siktar mot VM
Før den internasjonale konkurransen i USA til hausten, må alle deltakarane klassifiserast, det vil seie at dei må rangerast og delast inn etter handikap. Dette for at dei me like funksjonshemmingar skal konkurrere mot kvarandre i rettferdige klassar.

For å verte best i sin klasse trenar Poulsen mykje, men sidan han er busett i Årdal får han ikkje trene på vatn, og fokuserer difor mest på styrketrening og uthald.

For å kunne hevde seg under VM treng Poulsen skikkeleg sesongoppkøyring, noko han diverre ikkje har moglegheit til å få i Årdal, då det ikkje er miljø for denne typen idrett her.

Kostbar idrett
Sidan Poulsen ikkje får trene skikkeleg i Årdal, er han avhengig av regelmessige turar til austlandet for å trene saman med Slåstad vass-skiklubb, klubben han også representerer i konkurransar.

Konkurransar og reising utanfor Noreg vert sponsa av Norges Vass-skiforbund, men for ein som er arbeidsufør og midlertidig utan sertifikat vert det dyrt å reise så mykje på tvers av landet for å trene på best mogleg måte. Poulsen vonar difor at han så fort som mogleg får midlar til å bygge om bilen sin, sånn at han kan begynne å køyre sjølv.

Då det ikkje er nokon i Noreg med god nok kompetanse innanfor sitski har Noregs Vass-skiforbund vanlegvis sendt han til Italia eller USA på treningsleir, men også dette kostar pengar.

Vonar om lokale sponsorar
For Poulsen tyder dette at han må bruke 30 000 – 40 000 frå eiga lomme for å få ein god sesongoppkøyring, noko som er ei utfordring då han ikkje har fast, inntektsgivande arbeid.Som idrettsutøvar kan Poulsen søkje om ulike stipend for å få dekkje utgiftene, men ekstremsport-utøvaren tykkjer det er nedverdigande å skrive brev å nesten tigge om pengar.

Poulsen vonar no om stønad frå lokale sponsorar for å kunne gjere det best mogleg under årets VM. Han vonar spesielt at lokale idrettslag vil engasjere seg og bidra med økonomisk stønad.

– Idretten betyr alt for meg, eg tørr ikkje eingong tenke på korleis livet mitt hadde vore utan. Det å kunne drive aktivt med idrett betyr alt for meg, og eg vonar at eg får sponsorar i orden sånn at eg kan satse skikkeleg i år.

Til toppen