Glenn Tony Lie bur i Øvre Årdal, men var i Lærdal då tekstmeldingane byrja å tikke inn. Nokon hadde funne ein katt på ein italiensk restaurant og den var mistenkjeleg lik hans eigen.

– Eg reiste ned og henta han, for eg trudde det var min. Så eg sit no her med to kattar, seier Lie.
Han kan knapt skuldast for å ha tatt feil. Dei to kattane er nesten identiske.
– Når eg ser dei i lag er einaste forskjellen at den her er ørlite større. Ellers er dei prikkande like, seier Lie.
Originalen likte ikkje heilt å få ein ny gjest i huset, så stemninga var temmeleg trykka i byrjinga. Men det var ikkje det einaste den nye katten hadde å stri med.
– Det verkar som han er lettare sjokka. Skjorene har hakka litt på den og det verkar som den har litt ilt i den eine hofta, seier Lie.
Difor håpar han at den faktiske eigaren skal melde seg, slik at historia får ein lukkeleg slutt.
– Eg har nok med èin katt, seier Glenn Tony.
Oppdatering: Det gjekk ikkje mange timane frå saka var ute, til vi fekk vite at katten hadde kome heim til sin rettmessige eigar.