JAZZKONSERT: Leiar for kultur i Lærdal kommune, Magne Grøttebø, gler seg til å få Karl Seglem på besøk i kulturhuset torsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
JAZZKONSERT: Leiar for kultur i Lærdal kommune, Magne Grøttebø, gler seg til å få Karl Seglem på besøk i kulturhuset torsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Gler seg til å få Karl Seglem til Lærdal

Torsdag spelar Karl Seglem sin einaste konsert i indre Sogn i denne omgang når han kjem til Lærdal kulturhus.

Lærdal: – Me gler oss veldig til å få han på besøk. Me har gode forventningar til konserten og håpar det kjem ein del folk. Han har jo fått mykje bra PR for den siste plata si. Det tykkjer eg er voldsomt bra, seier leiar for kultur, Magne Grøttebø.

Seglem er aktuell med det nye albumet «Nordic Balm» som han gir ut saman med sin Acoustic Quartet. Plata fekk terningkast fem i Aftenposten og vert skildra som «kontrastrik instrumentalmusikk med poetisk nerve, skapt for drømmeri og tankens improvisasjon».

– Kjenner Lærdal godt

Då Porten.no snakka med Seglem i samband med utgjevinga, sa han at han håpa mange frå heile Sogn vil ta turen til Lærdal torsdag kveld. Det gjer Grøttebø også.

– Karl er glad i kulturhuset vårt. Han har brukt studioet til å spele inn musikk, så han kjem på ein måte tilbake til gamle trakter her. Han kjenner fasilitetane, seier Grøttebø.

– Det er hyggeleg at me får besøk av ein lokal artist. Me prøver å få tak i dei – det har vore Lærdal sitt varemerke. Me prøver å framheve lokale artistar.

Mykje aktivitet framover

Grøttebø seier dei jobbar stadig med at det skal vere liv og røre i kulturhuset. I neste månad kjem Good Time Charlie på besøk i eit opplegg med kulturskulen. Seinare på våren kjem Hot Club de Norvège også. Og til helga skal det vere UKM.

– Eg er musikar sjølv, så eg kjenner ein del av dei frå før. Hot Club de Norvège er gode vener av oss og kjem hit titt og ofte. Dei er ein personleg favoritt, smiler han.

Til toppen