NYOPPUSSA: Henrik Rønningen og Jan Tore Hauge viser fram finsalen kor alternativ jul blir arrangert i år.
NYOPPUSSA: Henrik Rønningen og Jan Tore Hauge viser fram finsalen kor alternativ jul blir arrangert i år. (Foto: Synne Asheim Haga)

Gler seg til å feira alternativ jul i flunkande nytt lokale

Henrik Rønningen og Jan Tore Hauge kan stolt kalla alternativ jul ein tradisjon når dei for andre gong inviterer dei som ikkje ynskjer å sitja åleine 24. desember til middag og sju sortar kaker.

Årdal: – Viss me klarar å gjera jula betre for éin person, så har dette lukkast, seier Henrik Rønningen, dagleg leiar i Årdal Catering til Porten.no.

Alternativ jul blei for fyrste gong arrangert på Samhold kafé i fjor. Det er eit tilbod til dei som ikkje ynskjer å vera åleine på julaftan, slik at dei óg skal ha ein plass å dra til og folk å feira saman med.

– Me gjer dette for at me ynskjer å gje tilbake noko til bygda og for å ha eit alternativ til dei som blir åleine på julaftan, og som ikkje vil vera det. Dei prøver me å dra inn i eit fellesskap, seier Rønningen.

God respons

I fjor var det heile 12 stykk som nytta seg av tilbodet.

– Kva respons fekk de?

– At dette var heilt topp. Dei som var med, vil møta opp i år òg. Og me håpar det kjem endå fleire og at me når fram til alle som treng det, seier Rønningen.

Det er Årdal Catering som er arrangør av gildet og dagleg leiar og styreleiar lovar full julemiddag, sju sortar julekaker, all mat og drikke som høyrer jula til.

– Dette vil ikkje kosta noko. Det er Årdal Catering som kostar dette som ei gåve til dei som kjem, fortel Rønningen.

– Berre kjekt

Nytt av året er at julemiddagen vil pågå i eit festlokale med blant anna nye vindauge, dører og nye overskap. Renoveringa skjer no.

– Det er fjerde byggetrinnet me driv med no. Og tredje februar byrjar me på hovudoppbygginga av puben, som er det største prosjektet, fortel Rønningen.

– Så dei som møter på alternativ jul kan venta seg eit flunkande nytt lokale?

– Flunkende nytt lokale, ja, seier Rønningen nøgd.

Julaftan plar vera ein travel dag for mange. Dei siste førebuingane må gjerast, gavekjøp, middag, skjortestryking, for ikkje å snakka om middagen. Akkurat middagen må Rønningen «servera» to gonger i løpet av dagen.

– Me startar med å laga mat til dei som må jobba på Hydro. Og så held me fram med dei som skal feira alternativ jul om kvelden. Me er her heile julaftan, seier han.

For mange er det å jobba på julaftan ein kjip ting, men desse to karane lovar at dei ikkje berre skal stå på kjøkkenet, men óg delta i feiringa.

– Me synest dette berre er kjekt. Dette er ikkje arbeid for oss. Me synest berre det er ei gleda å laga alternativ jul, fortel Rønningen. 

Hauge stemmer i: 

– Må berre støtte meg til det han seier, at det er ei gleda å vera her og alle er velkomne.

Til toppen