IVRIGE: Dei ferske fyrsteklassingane lærte seg fort reglane for handsopprekking, men det var ikkje alltid like enkelt å la vere å prate samstundes som handa var oppe i lufta. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
IVRIGE: Dei ferske fyrsteklassingane lærte seg fort reglane for handsopprekking, men det var ikkje alltid like enkelt å la vere å prate samstundes som handa var oppe i lufta. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Gler seg til å læra

Måndags morgon var det mange spente born som gjekk inn i klasserommet for fyrste gong. 

Årdal/Lærdal: Med ein flunkande ny sekk på ryggen og nystrigla sveis, stod dei klare til å ta fatt på sin nye kvardag som skuleelev. Dei 12 elevane i fyrste klasse på Tangen skule fekk i dag treffe sine lærarar og medelevar, og sjølv om mange kjente kvarandre frå før var det litt nervepirrande stemning i klasserommet.

Etter den tradisjonelle velkomsten med rektor Jan Kåre Stedje i spissen, var det på tide å sjekke ut klasserommet. 

Her ynskja lærarane fyrsteklassingane velkomne til Tangen skule, og gjennom song, dikt og høgtlesing fekk elevane høyre at det var heilt i orden med mange kjensler kring skulestarten. 

Artikkelen held fram under biletet.

STOLTE: Oliwia Rys og Daniel Aarnes Walaker var begge særs stolte over å endeleg vera gamle nok til å gå på skule.
STOLTE: Oliwia Rys og Daniel Aarnes Walaker var begge særs stolte over å endeleg vera gamle nok til å gå på skule.

Oliwia Rys og Daniel Aarnes Walaker er fyrsteklassingar ved Tangen skule, og dei ser begge fram til å leika med venene sine i friminutta. 

– Eg likar læraren min, seier Oliwia med stjerner i blikket.

Daniel fortalde at han hadde fått god frukost før dei reiste på skulen, og han var tydeleg stolt over å ha sin heilt eigen stol og pult i klasserommet.

Utruleg spennande

Lærar ved Lærdalsøyri skule, Anne Grete Lindesteg Molde, tok i mot dei nye fyrsteklassingane måndag. – Eg har vore med på dette mange gongar før, men det er like spennande kvar gong, seier ho.

Å byrje på skulen er ingen lett omveltning for ein seksåring som er vandt med friheiten frå barnehagen. Etter få veker på skulen må fokuset rettast mot leseopplæring, og både born og foreldre får raskt kjennskap til kartleggingsprøvar og andre krav dei skal gjennom. 

– Det er store krav til borna, og ein skuledag er ganske krevjande, fortel Lindesteg Molde. Med ei fadderordning der elevar i fjerde klasse tek seg av fyrsteklassingane og bli-kjent-samtale mellom lærar og foreldre, gjer Lærdalsøyri skule alt for å leggje til rette for at elevane skal kjenne seg trygge.

Gler seg til å lesa

På Lærdalsøyri skule er avstanden kort mellom barnehagen og skulen. Likevel er det både skummelt, spennande og moro å byrje i fyrste klasse.

Om rundt to veker vert Iris Offerdal Olsen seks år, og ho gler seg veldig til å feire bursdagen sin på skulen for fyrste gong. 

– Og så gler eg meg til å læra å lese, seier ho. 

– Eg gler meg til å leike med fadderen min, og å læra meg å lese, fortel Vegard Yttri Horge.

FYRSTE KLASSE: Iris Offerdal Olsen og Vegard Yttri Horge er fyrsteklassingar ved Lærdalsøyri skule.
FYRSTE KLASSE: Iris Offerdal Olsen og Vegard Yttri Horge er fyrsteklassingar ved Lærdalsøyri skule.

 

 

 

Til toppen