VÅRKONSERT: Tysdag inviterer ASVO-bandet til den årlege vårkonserten i Årdal kulturhus. Årets konsert blir ekstra spesiell etter som Olav Stedje også skal bidra. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
VÅRKONSERT: Tysdag inviterer ASVO-bandet til den årlege vårkonserten i Årdal kulturhus. Årets konsert blir ekstra spesiell etter som Olav Stedje også skal bidra. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Gler seg til å spele med Olav Stedje

Med nytt repertoar kan ASVO-bandet krysse av nok ein milepåle på den musikalske reisa si.

Årdal: Tysdag står dei nemleg på scena med ekte kjendis i Olav Stedje når dei inviterer til konsert i Årdal kulturhus.

– Denne gongen var dei sjølve med og kom med ønske til låtar. Det var veldig mykje norsk og veldig mykje Olav Stedje. Det var såpass mange at me tenkte at då måtte med høyre med han. Det var ja med ein gong, og han gler seg, fortel Helge Øren, som har jobba med bandet sidan starten for nokre år tilbake.

– Då har me hatt lang tid på oss til å øva og gledd oss me også. Det er spesielt å få besøk, og eg gler meg eg også. Han er jo kjendis, så dette blir stas, smiler han og seier han er veldig takksam for at Olav Stedje stiller opp.

Artikkelen held fram under biletet.

SPELTE I SKÅRI: Under fjorårets Målrock-festival fekk ASVO-bandet synt seg fram for eit endå breiare publikum under Skåri.
SPELTE I SKÅRI: Under fjorårets Målrock-festival fekk ASVO-bandet synt seg fram for eit endå breiare publikum under Skåri.

Med eit heilt ferskt repertoar kan gjengen i ASVO-bandet garantere smil om ansiktet til alle som høyrer på. Årets konsert, som markerer slutten på skuleåret, får naturlegvis eit Olav Stedje-preg, der hovudpersonen sjølv også vil spele nokre låtar.

Byrja som trivselstiltak

Dette er dermed eit nytt steg i den musikalske reisa til bandet, som har opna kulturveka i Førde, og som har spelt på Målrock, Vekao og ikkje minst på 250-årsjubileumet til fylkeskommunen. 

– Det er ikkje planlagt. Då eg var med og starta bandet, var det meint som eit reint trivselstiltak fordi me veit at musikk er populært og fantastisk verktøy til denne målgruppa. Men me høyrte fort at dette kunne me strekka litt lengre, fortel Øren.

Artikkelen held fram under biletet.

GLAD GJENG: Helge Øren (t.h.) saman med Kenneth Andrè Gjervik og Terje Buhaug.
GLAD GJENG: Helge Øren (t.h.) saman med Kenneth Andrè Gjervik og Terje Buhaug.

– Då var målet å setja opp ein eigen konsert. Det var fleire som rista på hovudet, men me fekk det til allereie første skuleåret, og det blei ein braksuksess, seier han og takkar media for mykje god omtale som har ført til at bandnamnet har spreidd seg til alle krikar og krokar og gitt spelejobbar.

Eventyr

Øren kallar det heile for ei eventyrleg reiser som handlar om gode opplevingar ein må skapa sjølv og ta vare på. Og den årlege vårkonserten i kulturhuset skal halde fram.

– Det var den me ville ha, og den dyrkar me, og den skal me halde fram med. Det er ein fin måte å runde av skuleåret med, og det er ein konsert me har full kontroll over. Då har me ro og kan bruka tida. 

Til toppen