FOTBALLCUP: G15 på Årdaltangen IL vann suverent 7-0 over Mandalskameratene FK under opningskampen på Dana Cup i Danmark. Foto: Ronny Rinde
FOTBALLCUP: G15 på Årdaltangen IL vann suverent 7-0 over Mandalskameratene FK under opningskampen på Dana Cup i Danmark. Foto: Ronny Rinde

Glitrande start på fotballcup i Danmark

Gutar 15 år på Årdalstangen IL spelte tysdag sin første fotballkamp under Dana Cup i Hjørring i Danmark. 

Hjørring/Årdal: Til pause var stillinga mellom Årdalstangen IL (ÅTIL) og Mandalskameratene FK,  5-0. Gutelaget frå Årdal sette så i andre omgang inn to mål til, og avslutta kampen med stillinga 7-0. 

Onsdag føremiddag var det klart for oppgjeret mellom ÅTIL og det svenste laget Bele Barkarby FF. Sjølv etter ein spennande kamp mellom dei jamngode laga, enda stillinga på 0-0. Det er desse laga som toppar pulja med fire poeng kvar etter to spelte kampar. 

Onsdag ettermiddag skal ÅTIL på nytt i elden mot det norske laget Gullhaug IL. Gullhaug har tapt ein kamp og vunne ein og har tre poeng etter to kampar. Denne kampen vil avgjere om ÅTIL endar opp som nummer 1 eller nummer 2 i pulja, og ÅTIL må slå dette laget for å auke sjansane for gå vidare til A-sluttspelet, fortel Vibeke Rinde frå Hjørring. 

14 spelarar på G15 ÅTIL deltek på cupen, og eitt breitt støtteapparat av tanter, besteforeldre, søsken og foreldre på plass i Danmark for å heie fram dei unge årdølene. 

Dana cup går av stabelen frå tysdag 21. juli til laurdag 25. juli. 

Du kan følge med på resultata frå gruppa ÅTIL spelar i her. 

Til toppen