UNGT LAG: Trenar Olafur Sveinsson fortel at dei alltid jobbar med å bli betre. Arkivfoto
UNGT LAG: Trenar Olafur Sveinsson fortel at dei alltid jobbar med å bli betre. Arkivfoto

Gloppen vart for sterke

Søndag tapte Jotun/ÅTIL 29-8 mot Gloppen på bortebane. 

Årdal: Handballdamene reiste til Gloppen med godt mot, klare for å jakte poeng. Gloppen vart for sterke og det enda med tap. 

- Det svingar alltid voldsomt, av og til gode kampar, medan andre kampar er dårlege, seier trenar Olafur Sveinsson. 

Han fortel vidare at dette var ein av dei dårlege kampane. Dei rota teknisk og hadde ein del angrepsfeil. 

Han er nøgd med at dei ikkje slapp inn mål dei første 7 minuttane og keeperane var veldig solide i dag. 

- Me slit med spel framover på bana, seier han. Sveinsson legg til at i dag var forsvaret mykje betre enn angrepsspelet. 

Jotun/ÅTIL er eit ungt lag i utvikling. Dei jobbar alltid med å bli betre. 

- Forsvaret var best i dag, utan tvil, avsluttar Sveinsson på telefon frå Gloppen. 

Til toppen