MÅ SNU ALLE STEINAR: Under eit ekstraordinært formannskapsmøte var dei nye folkevalde samla for å finne ei løysing på den krevjande økonomiske situasjonen i kommunen. Trond Øyen Einemo (H) fungerande ordførar (f.v), Annike Vanberg (SV), Kåre Mentz Lysne (Ap), Gunne Beate Sjøthun (Sp), rådmann Alf Olsen jr., Gro Starheimsæter (Sp), sakshandamar i kommunen Anne Marie Mo og Frode Myklebust (V). Foto: Ina Eirin Eliassen
MÅ SNU ALLE STEINAR: Under eit ekstraordinært formannskapsmøte var dei nye folkevalde samla for å finne ei løysing på den krevjande økonomiske situasjonen i kommunen. Trond Øyen Einemo (H) fungerande ordførar (f.v), Annike Vanberg (SV), Kåre Mentz Lysne (Ap), Gunne Beate Sjøthun (Sp), rådmann Alf Olsen jr., Gro Starheimsæter (Sp), sakshandamar i kommunen Anne Marie Mo og Frode Myklebust (V). Foto: Ina Eirin Eliassen

Gløym ostehøvelen, må fram med spareøksa

Lærdal kommune har fått melding om dramatisk svikt i inntekter. Det gjer at dei må sjå på alle moglegheiter for å kutta på drifta av kommunen, slik at dei på kort sikt klarar å spare inn kring 10 millionar kroner.

Lærdal: Det såg ut til at økonomien til Lærdal kommune var på rett veg, dei er ute av Robek og prognosane for 2. tertial 2015, som vart vedteken utan budsjettendringar i kommunestyret 15. oktober,  synte mellom anna eit mindreforbruk på dei kommunale einingane. 

Men denne veka fekk Lærdal kommune melding om vesentlege endringar i dei økonomiske rammevilkåra for kommunen på grunn av svikt i inntekter. Utfordringa for å få budsjettet for 2016 i balanse er kring 10 millionar kroner. Då er det framleis ikkje sett av midlar til naudsynte investeringar og tiltak. Lenger fram kan utfordringa koma på kring 15 millionar kroner.

Anne Marie Mo, økonomirådgjevar i kommunen, understrekar at fylkesmannen må få eit budsjett som er i balanse for 2016. 

– Me har sett etter støtte, men får ikkje det før me har gjort det me kan for å kutta, seier Mo. 

Svekka inntekter frå kraft og skatt

Bakgrunnen for dei svekka inntektene er at sentralskattekontoret har redusert eigedomskatten på kraftverk med 6 millionar for 2016. Det gjer at kommunen har mista inntekter frå eigedomskatt på 9 millionar dei to siste åra. Bakgrunnen er låge straumprisar og at kostander med renovering av dammar er ført på ein slik måte at sentralskattekontoret reduserer skattegrunnlaget. Lærdal kommune er usamd i måten å føra kostnadar på og har søkt juridisk bistand frå Landssamanslutninga for vasskraftkommunar (LVK) om å auka skatten. Saka blir også teken til rettssystemet, då dette er ein situasjon for mange vasskraftkommunar. Svaret frå sentralskattekontoret kjem tidlegast i 2016. 

Kommunen sel også elektrisk kraft (kring 69 GWH) på den frie marknaden, der kommunestyret har vedteke ein strategi for sal av krafta. All kraft for 2016, 50 prosent av krafta for 2017 og 25 prosent av krafta for 2018 skal dermed vera seld innan 1. november, for at inntektene til drifta av kommunen skal vera føreseielege. Prognosane syner at inntektene går frå mellom 10 til 12 millionar årleg i forrige øknonomiplanperiode til mellom 5,5 til 8,5 millionar for dei komande fire åra, skriv rådmann Alf Olsen jr. i eitt brev han sendte ut til dei tilsette i Lærdal kommune alt onsdag.

– Dette skapar ein vanskeleg situasjon for kommunen både på kort og lang sikt, der me må vera budde på fallande inntekter også i åra som kjem. Verkemidla finst og stoda er mogleg å løysa, men administrasjon og politikarar i kommunen er heilt avhengiga av å finne fram til løysingar i lag, seier Olsen jr. 

Dei nye folkevalde vart kasta ut i det

Torsdag vart det kalla inn til ekstraordinært formannskapsmøte med gruppeleiarane slik for å klare å finna ei løysing innanfor økonomiplanperioden frå 2016 og fram til 2019. 

​– Administrasjonen har høvla der me kan på tenestene i kommunen, men litt her og der er ikkje lenger nok. No må me gå for dei store postane, seier rådmannen. 

Han legg vekt på at det er vanskeleg å gjera omstillinga om ein skal kutte etter ostehøvelprinsippet i alle leirar og at det også er viktig med samspel med fagforeningane på vegen fram mot ei løysing. Ein må også ha omsyn for brukarane  av dei kommunale tenestene og dei tilsette i vala ein gjer framover.

– Me har verktøy å ta i bruk, men me kan ikkje finne løysingar om de som folkevalde niheld på verdiane partia representerer. Her må me inngå kompromiss  og gå etter dei store pengane for å finne løysinga, seier Olsen jr. 

Unntakstilstand – vurderer alle moglegheiter

Kåre Mentz Lysne (Ap) tykkjer det er viktig å også sjå på alle løysingar, også dei som kan vera upopulære. Han foreslår tilsettingsstopp i kommunen, at ein kan samanlikne Lærdal med tilsvarande Robek-kommunar for å sjå kor kommunen driv for dyrt, at ein kanskje må vurdere grep innanfor skulebruksplanen og at ein kanskje bør legga alle investeringa som ikkje er starta opp på is. 

Annike Vanberg (SV) tek på ny oppatt eigedomskatt på bustader som eit verkemiddel. Ho tykkjer også ein bør få ein oversikt over leiarar, slik at ein kan syne til at det er ingen som slepp unna innsparingane. 

– Eg hatar at skulestruktur kjem opp i debatt om økonomi, her må politikarar og administrasjon snu alle steinane innanfor tenesteproduksjonen. Kanskje må me sjå på eigedomskatt i ein periode eller å privatisere innanfor helse. Medan å bygge omsorgsbustader, vil me jo på sikt spare på å investere i, seier Frode Myklebust (V). 

Han ser heller ikkje bort i frå tilsettingsstopp som eit virkemiddel, men at det er viktig å vurder konsekvensane av dei løysingane som kjem på bordet. 

Gro Starheimsæter (Sp) spør om ein må gå i gang med å bygga omsorgsbustadane og om ein kanskje kan sjå på om dekningsgraden på sjukeheimsplassar er høgare enn naudsynt. Ho legg til at ein kanskje må sjå på Okken Kraft og ikkje betale meir enn ein må til å betene gjeld, men heller ta ein pott inn i drifta av kommunen. Likevel understekar ho at det ikkje er ei god løysing på lang sikt. 

– Det er viktig å involvere alle i kommunen i denne prosessen, dei har mykje kunnskap på dei ulike områda om korleis ein kan gjere endringar på ein smidig måte, seier Gunn Beate Sjøthun (Sp). 

Må rekna på dei store pengane

Trond Øyen Einemo (H), fungerande ordførar, tykkjer politikarane har ramsa opp dei moglegheitene som finst. 

– Me er for lengst ferdig med ostehøvelen, her må me til med øks. Kor stor den blir vil tida visa. Det må til om me skal unngå bråk i heile perioden, seier han. 

Einemo peikar på kutt innan eldreomsorg og skule, og han vil heller ta i bruk inntekter frå Okken Kraft inn i drifta, enn å gå for eigedomsskatt. 

Det vart også trekt fram å vurdere eigarstrategien til kommunen, spesielt med tanke på å selje fallretten kommunen eig i Tynjadalen eller å selje aksjar i Lærdal Energi, noko både Einemo og Myklebust var negative til langsiktig. 

Likevel var dei folkevalde einige om at det er viktig å vurdere konsekvensane av alle tiltaka, då også folk skal bu og trivast i kommunen. Men rådmannen var framleis ikkje nøgd, då dei folkevalde flagga partia sine og ikkje opna for kompromiss. 

– Me må tak tak i noko der det verkeleg monnar. Eigedomskatt, å kutte ein skule i skulebruksplan og ei avdeling på sjukeheimen med 11 årsverk er kring 14 millionar. Det er berre eitt døme. Men langsiktig og kortsiktig, kva er realistisk og i kva rekkefølge, spør Olsen jr. 

Dei folkevalde kom ikkje fram til ei løysing etter eit over tre timar langt møte torsdag kveld og held fram arbeidet og diskusjonane førstkomande måndag. Administrasjonen prioriterer denne saka og ventar berre på oppdrag frå politikarane om kva mogleheiter å greia ut for å koma nærare ei løysing på den økonomiske stoda. 

Til toppen