Ludvig i ord og tonar (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Ludvig i ord og tonar (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Ludvig i ord og tonar (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Ludvig i ord og tonar (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Ludvig i ord og tonar (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Ludvig i ord og tonar (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Ludvig i ord og tonar (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Gløymt poet endeleg løfta fram i lyset: – Dette er skjulte skattar

Poesien industriarbeidaren etterlot seg er det få som har kjent til. Fram til no. Sjå bilete frå hyllestkonserten!

Årdal: Onsdag vart Ludvig Søfting heidra framfor ein smekkfull sal i Årdal kulturhus. Årdalsdiktaren døydde i 1986 og etterlot seg ei stor samling dikt, noveller, andre tekstar og teikningar, som dei færraste har lese.

Håpet er at gårsdagens førestilling kan gjere diktaren til allemannseige. 

– Dette er skjulte skattar. Viss folk vil skriva låtar så har dei mykje å plukka frå her, det er langt over hundre tekstar som ein kan velja og vraka i, seier festivalsjef Thomas Nordheim Moen i Målrock.

OVER ALL FORVENTING: Målrock-sjef Thomas Nordheim Moen hadde ikkje sett for seg fullsett sal til førestillinga om den ukjente poeten.
OVER ALL FORVENTING: Målrock-sjef Thomas Nordheim Moen hadde ikkje sett for seg fullsett sal til førestillinga om den ukjente poeten. Foto: Halvor Farsund Storvik

Lokal maktdemonstrasjon

Arrangørane hadde eit mål om å trekke 150 personar, men over det dobbelte møtte opp.

– Eg har vore spent på kor mange som eigentleg veit kven Ludvig Søfting er. Det er tydeleg ein kar som har fenga mange, seier Moen.

På scena var det berre lokale artistar og alle framførte eigenkomponerte tonesettingar av dikta. Slik vart førestillinga òg ein demonstrasjon av kva musikalske krefter bygda har å spele på.

– Eg blir like imponert kvar gang. Alle har skrive eigne låtar og det er vanvittig imponerande. Me har eit ufatteleg godt musikkmiljø i Årdal og det har me hatt i mange år. Ein kveld som dette viser det, seier Moen.

INNFRIDDE: Publikum møtte opp i hopetal og fekk det dei hadde kome for. – Fantastisk, var dommen frå ein av dei, Marian Teigen.
INNFRIDDE: Publikum møtte opp i hopetal og fekk det dei hadde kome for. – Fantastisk, var dommen frå ein av dei, Marian Teigen. Foto: Halvor Farsund Storvik

Oppspark til Målrock

Ei av dei som hadde tatt turen var Marian Teigen. Ho tykte førestillinga og musikksettinga var fantastisk.

– Eg er så gamal at eg hugsar han Ludvig lite granne, men ikkje mykje. Han må ha vore ein glup mann, som kunne mykje ingen har visst om. Før no, seier ho.

Konserten markerer òg starten på årets festival. Målrock-gjengen var ikkje vonde å be då dei vart spurt om dei ville vere med på hyllesten.

– Å setta musikk til ein lokal poet var noko me syntest verka spanande å vera med på. Samstundes er alt på dialekt og det er jo veldig i Målrock si ånd, seier Moen.

Til toppen