LETTA: Anna Kristine Damstuen og hunden Frøya kan pusta letta ut etter at dei greidde å stoppa brannen på kjøkenet før den fekk utvikla seg. Til høgre ser me kjelen det tok fyr i og deler av kjøkenvifta.
LETTA: Anna Kristine Damstuen og hunden Frøya kan pusta letta ut etter at dei greidde å stoppa brannen på kjøkenet før den fekk utvikla seg. Til høgre ser me kjelen det tok fyr i og deler av kjøkenvifta.

Gløymte smørkjelen på komfyren – kjøkenet stod i full fyr då ho kom tilbake

Snarrådig innsats frå dottera hindra truleg brannen frå å gjera større skade.

Lærdal: Ein uoppmerksam augneblink var nok til at smørkjelen til Anna Kristine Damstuen (73) tok fyr. Ho skulle «nett berre» sjekka dataen, då ho kom attende slo flammane opp frå komfyren.

FORSTYRRA IDYLL: Familien frå Fodnes i Lærdal var i ferd med å ordna til konfirmasjonsfeiring i helga, då brannen starta i det kvite huset du ser midt i biletet. Foto: Sunniva Knutsen

– Det er heilt utenkeleg. Dette skal jo ikkje skje meg, seier Damstuen om tankane som rasa gjennom hovudet hennar.

Spreidde seg til kjøkenvifta

Ho prøvde først å sløkka brannen sjølv ved å legga eit lok over flammane.

– Det var så varmt at eg ikkje greidda å treffa kjelen med det same, seier Damstuen.

Brannen i kjelen hadde teke tak i kjøkenvifta òg.

Damstuen ropte etter hjelp då ho såg at ho ikkje greidde jobben åleine. Ho visste at dottera og nokre andre dreiv og ordna til konfirmasjonsfeiring i hagen rett i nærleiken.

Blomkålsuppa Damstuen skulle koka var meint til dei, slik at dei skulle få sleppa å bruka tid på matlaging.

BRUNSVIDD: Brunsvidde panner og ei øydelagd kjøkkenvifte vart resultatet av den mislukka matlaginga. Men det kunne ha gått verre. Foto: Sunniva Knutsen

– Gjekk no bra, overraskande nok

Den raske reaksjonen frå dottera kan ha hindra at det vart større skade.

– Ho kom springande med eit pulverapparat ho hadde ståande i gangen heime hos seg. Eg hugsa ikkje kor eg hadde mitt i farten, eg var heilt ute av det, seier Damstuen.

Då brannvesenet kom på pletten var brannen for det meste sløkt.

– Det verka kritisk ei stund, men det gjekk no bra. Overraskande nok, seier Damstuen.

Til toppen