NEDLAGT: Ljøsne Skule vart vedteken nedlagt i haust etter hard lokal debatt. Arkivfoto
NEDLAGT: Ljøsne Skule vart vedteken nedlagt i haust etter hard lokal debatt. Arkivfoto

– God debatt kan dempa konfliktar rundt skulenedlegging

Kvart år blir det lagt ned rundt femti skular her i landet. Det skapar ofte sterke konfliktar i lokalsamfunnet. Korleis saka blir diskutert før vedtaket blir gjort i kommunestyret, kan likevel ha mykje å seia for å hindra ein langvarig og opprivande konflikt i bygda, viser ny forsking. 

Les også: Ljøsne skule blir lagt ned

Les også: 1.390 skular lagt ned på 31 år

– Eg trur ikkje ein skal vera så naiv å tru at skulenedlegging kan gå konfliktfritt føre seg. Det er likevel viktig å tenkja på at lokalsamfunnet og kommunen skal leva vidare uavhengig av korleis vedtaket blir, seier seniorforskar Aadne Aasland ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR.
– Eg trur ikkje ein skal vera så naiv å tru at skulenedlegging kan gå konfliktfritt føre seg. Det er likevel viktig å tenkja på at lokalsamfunnet og kommunen skal leva vidare uavhengig av korleis vedtaket blir, seier seniorforskar Aadne Aasland ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR.

– Skal det vera ein god prosess er det viktig at alle får uttala seg og at det ikkje blir lagt utilbørleg press på nokon av aktørane, seier seniorforskar Aadne Aasland ved By- og regionforskingsinstituttet (NIBR) til Nynorsk pressekontor.

Han er ein av forskarane som har arbeidd med den ferske undersøkinga om skulenedleggingar i distrikta. Undersøkinga er todelt. Den eine delen byggjer på ei spørjeundersøking til den i kommuneadministrasjonen som er ansvarleg for skulespørsmål i norske kommunar med færre enn 15.000 innbyggjarar. 159 kommunar svarte på undersøkinga.

For å få meir innsikt i kva som står på spel og korleis prosessane om skulenedlegging går føre seg, har forskarane i tillegg intervjua foreldre, besteforeldre, rådmenn, politikarar og tilsette i skulen i tre kommunar der skulenedlegging stod på dagsorden.

Les også: – Me må bli ferdige med grendakampen

Les også: – Omsynet til bornas beste har falle totalt for økonomi

Stort engasjement

Undersøkinga viser at saker om skulenedlegging vekkjer stort engasjement. I rundt halvparten av tilfella har det ført til eit høgt konfliktnivå i bygda – og nokre gonger også i heile kommunen.

Samtidig viser undersøkinga at det i rundt 40 prosent av tilfella har vore diskusjonar og ulike meiningar, men lite konfliktar.

Berre i 13 prosent av kommunane der skulenedlegging har vore føreslege, har det vore stor semje om vedtaket.

Undersøkinga viser også at ikkje alle diskusjonane endar med at skulen blir lagt ned. Knapt ein tredel av dei nedleggingstruga skulane blir drivne vidare. Sterkt lokalt engasjement frå foreldre og politikarar er ofte ei medverkande årsak til dette.

Eit springande punkt er likevel korleis det sterke engasjementet rundt skulenedlegging går føre seg.

Les også: – Nærleik til skule blir avgjerande når unge skal etablera seg

Opne møte – lyttande politikarar

For å få til ein best mogleg dialog før lagnaden til dei nedleggingstruga skulane blir avgjort, førelår fleire av partane i undersøkinga at det blir lagt opp til opne møte der politikarane berre lyttar til ulike meiningar utan å koma med motargument.

– Nokre kommunar hadde også erfart at det å søkja hjelp utanfrå kunne vera nyttig. Det kan til dømes vera ein ekstern person som leier debatten, summerer det dei høyrer og hjelper til med å sortera argumenta, seier Aasland.

I undersøkinga er det også dei som etterlyser nasjonale eller kommunale retningslinjer både for ei nedre grense på talet på elevar og for ei øvre grense på reisetid.

Det blir også teke til orde for at lokale parti bør binda representantane sine i spørsmål om skulenedlegging, slik at enkelte lokalpolitikarar ikkje må ta belastninga ved upopulære avgjerder i kommunestyret.

– Saker om skulenedlegging er likevel svært konfliktfylt. Er det i det heile mogleg å få til eit godt klima i slike saker?

– Eg trur ikkje ein skal vera så naiv å tru at skulenedlegging kan gå konfliktfritt føre seg. Det er likevel viktig å tenkja på at lokalsamfunnet og kommunen skal leva vidare uavhengig av korleis vedtaket blir. Dersom debatten blir så konfliktfylt at frontane vil halda seg i mange år, er det svært uheldig, seier Aasland.

– Treng demokratisk debattkultur

Erfaringane hans er også at skuleleiinga og kommuneadministrasjonen ønskjer at det skal bli ein god prosess – sjølv om dei som oftast er for nedlegging.

– Frå kommuneadministrasjonen blei det på mange måtar uttrykt at det var lokalsamfunnet si oppgåve å kjempa for å behalda skulen sin. Det blei sett på som eit sunt teikn på ei velfungerande bygd, utdjupar Aasland og kollegaen Susanne Søholt i ein kronikk i  Utdanningsnytt.

Røynslene frå dei tre kommunane viser samtidig at det å seia meininga si i små lokalsamfunn ikkje alltid er like enkelt. Nokre gonger kan det kosta dyrt.

– I nokre kommunar fann vi familiar med avvikande syn. I vårt tilfelle var det anten familiar som ønskte at skulen skulle leggjast ned, eller at dei ønskte at barna skulle gå på ein annan skule. Dei hadde opplevd ein del sosial kontroll og syntest det vart svært ubehageleg, seier Aasland.

Skal saksgangen bli god, må alle standpunkt vera like legitime, strekar han under.

– I undersøkinga har de snakka med folk i tre kommunar. Er det stort nok grunnlag til å trekkja dei konklusjonane de har gjort?

– Viss du tenkjer på dette med sosial kontroll, så er ikkje funna vi har representative på nokon måte, men vi kan i alle fall seia at det er fenomen som gjer seg gjeldande og som vi også har høyrt om i andre kommunar, seier Aasland.

Å skapa arenaer der det er rom for alle typar meiningar meiner han difor er eitt av dei viktigaste råda til lokalsamfunn der skulenedlegging er tema.

Til toppen