GODT DRIV: Denne gjengen har auka med 46 nye personar i år, og Lærdal turlag er i godt driv som alltid. Foto: Jan Christian Jerving.
GODT DRIV: Denne gjengen har auka med 46 nye personar i år, og Lærdal turlag er i godt driv som alltid. Foto: Jan Christian Jerving.

God driv i Lærdal turlag

Lærdal turlag er eit turlag i vekst. Før helga hadde laget årsmøte. 

Lærdal: Der kunne dei konstatere at Lærdal turlag har vakse med 46 nye medlemar til nesten 200 i 2015. No er talet oppe i 196. 

Dette er nok ein gjeng som går mykje i oppoverbakkar, noko medlemstala reflekterer. 

– Dette er eit lag som berre går oppover med. For 2016 skal det i tillegg innførast familiemedlemskap sentralt i Den norske turistforeningen. Det er noko Lærdal turlag ønskjer velkommen, seier Trond Øyen Einemo.

Artikkelen held fram under biletet.

VARIERT: Turlaget arrangerer turar til både tøffe turar og enkle turar for å gi eit variert program som passar fleire.
VARIERT: Turlaget arrangerer turar til både tøffe turar og enkle turar for å gi eit variert program som passar fleire.

26 trimpostar

I Lærdal er det sett opp i alt 26 faste turtrimpostar, som årleg haustar mange besøkande. Det varierer frå post til post, men på Mjølkeflaten var det til dømes 4821 trimmarar registrert. Lærdølene går iallfall meir på tur. I fjor hadde dei totalt 25399 registreringar. I år var dette oppe i 29175. 

Trimturkortet er også populært. Turlaget selde 253 slike i år, der 104 vart innlevert og var med i trekninga av eit gåvekort på 1000 kroner. Her var det Kåre Solheim, Lars Øyvind Vikesland og barnebarnet hans Magnus Hennøy Vikesland som stakk av med premien.

Målet til turlaget er å få med seg folk på tur. Difor vert det arrangert turar av ulike slag, som til dømes bakketrimmen med fem korte, lett tilgjengelege turmål. Stølstur-trimmen tek folk med til dei mange stølane i kommunen, noko det ikkje er reint få av. Elles er det faste onsdagsturar.

I tillegg har det vore mange fellesturar, der nokre har foregått om vinteren og på ski og andre om sommaren. Totalt trekte dette tilbodet 120 deltakarar. Eit av høgdepunkta her var fellesturen til Loen og Bødalsbreen.

God aktivitet for dei yngste

Også dei yngste i rekkene i Barnas turlag har vore aktive i år. Dette tilbodet som er for barn mellom 0 og 12 år, trekte om lag 40 barn og vaksne på turane. Høgdepunktet her var truleg overnattingsturen på Aurlandsfjellet med fisking, grilling og quiz.

Artikkelen held fram under biletet.

OVERNATTA UTE: Barnas turlag overnatta ute på Aurlandsfjellet.
OVERNATTA UTE: Barnas turlag overnatta ute på Aurlandsfjellet.

Ei av dei viktigaste hovudoppgåvene for turlaget er å vedlikehalde, rydde og merke stigar. I 2015 tok turlaget over merkeprosjektet frå kommunen. I Lærdal er det om lag 170 kilometer med merka stigar og om lag 60 kilometer umerka. 

Val av styre

Elles fekk Øyen Einemo med resten av styret tillit til å halde fram som før med Ranveig Frydenlund som den einaste nye. Elles finn ein Einar Moen, Anita Bentås og Brita Einemo i styret.

Artikkelen held fram under biletet.

NYTT STYRE: Frå venstre: Einar Moen, Ranveig Frydenlund, Brita Einemo, Trond Øyen Einemo, Cecilie L. Christiansen og leiar for Barnas turlag Olav Ødegård.
NYTT STYRE: Frå venstre: Einar Moen, Ranveig Frydenlund, Brita Einemo, Trond Øyen Einemo, Cecilie L. Christiansen og leiar for Barnas turlag Olav Ødegård.

I Barnas turlag er Olav Ødegård leiar og har med Sari Kumpula og Cecilie L. Christiansen. 

Avslutninga av året vil foregår i  juletreskogen, der ein prøver å finne fram julestemninga med gløgg, peparkaker, og muligens dukkar nissen opp også. 

Til toppen