JOTNAVÅKEN: Årdal Folkehjelp har om lag 10 - 15 personar i beredskap denne påsken. Dei gjer ein utruleg god innsats for folk som ferdast i fjellet. Foto: Kaja Nygård 
JOTNAVÅKEN: Årdal Folkehjelp har om lag 10 - 15 personar i beredskap denne påsken. Dei gjer ein utruleg god innsats for folk som ferdast i fjellet. Foto: Kaja Nygård 

God hjelp i fjellet

Årdal Folkehjelp startar palmelaurdag med påskeberedskapen på fjellet. Dei held til på Jotnavåken, og er stasjonerte der fram til 2. påskedag.

Årdal/Lærdal: Årdal Folkehjelp har lang fartstid i Årdalsfjella. Under påskeberedskapen på Sletterust i 1972, kom ideen om ei eiga hytte på fjellet. I 1974 var hytta Jotnavåken klar.

- Det er min 27.påske i beredskapen. Eg synes det er veldig sosialt og det er flott at me kan vere til hjelp, seier Rune Blikken.

Han legg til at dei er om lag 10 til 15 personar i beredskap i år, ein del på Jotnavåken, og nokon på hyttene sine rundt om på fjellet.

- Me står til teneste og er klare til å hjelpe dersom det er behov, og  påsketuristane kan nå oss på vår vaktmobil 92887784, fortel Blikken.

Han understrekar at dersom påsketuristane treng akutt medisinsk hjelp, må dei ringe legevakten sitt nødnummer først. Deretter kan folkehjelpen bli kontakta, slik at dei kan vere til hjelp.

Bruk sunn fornuft i fjellet

Mange påsketuristar er byrja å trekke opp i fjellet. Palmefredag var det allereie mange lys i hyttene over fylkesveg 53. Milevis med skiløyper står klare for innrykk.

Blikken seier folk må bruke sunn fornuft når dei ferdast i fjellet.

- Vær varsame for skred. Det kan gå når ein minst ventar det. Sjølv om ikkje det blir meldt om skredfare, skal ein alltid vise respekt for fjellet.

- Men eg oppmodar likevel folk om å bruke naturen. Me har flotte turmoglegheitar i nærområdet vårt.

Artikkelen held fram under biletet

FJELLET: Blikken oppmodar folk om å bruke den flotte naturen vår.  
FJELLET: Blikken oppmodar folk om å bruke den flotte naturen vår.  

NYE FJELLVETTREGLAR

Ifølge turistforeininga reiser fleire folk til fjells no enn tidlegare, og turmønsteret har endra seg. Dei første fjellvettreglane vart skreve i 1952, men vart i år endra og kom i ny utgåve.

Det er turistforeininga og raude kors, som saman har utarbeida den nye utgåva.

Dei nye fjellvettreglane:

1. Planlegg turen og meld frå om kvar du går.

2. Tilpass turen etter evne og forhold

3. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel

4. Ver førebudd på uvêr og kulde, også på korte turar.

5. Ta med naudsynt utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre

6. Ta trygge vegvalg, vit korleis du skal kjenne skredfarleg terreng og usikker is.

7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er.

8. Vend i tide – det er inga skam å snu.

9. Spar på kreftene, og søk ly om det er naudsynt.

Til toppen