AUKA: Gjennomsnittsinntekta auka med 37 500 kroner i jordbruket frå 2014 til 2015 i følgje Nibio. Illustrasjonsfoto
AUKA: Gjennomsnittsinntekta auka med 37 500 kroner i jordbruket frå 2014 til 2015 i følgje Nibio. Illustrasjonsfoto (Foto: Halvor Farsund Storvik)

God inntektsauke i jordbruket i fjor

Jordbruksinntektene auka med 13 prosent frå 2014 til 2015. Dei største produsentane hadde den største inntektsveksten, viser tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Høgare prisar, auka produksjon og gode avlingar over heile landet gav auka inntekter for dei fleste typane jordbruksproduksjon, viser Nibios driftsgranskingar for jordbruket.

Gjennomsnittsinntekta auka med 37.500 kroner til 326.800 kroner. Inntektsnivået var høgast på flatbygdene på Austlandet med 408.800 kroner per årsverk, etterfølgd av Jæren med 371.600 kroner.

Den største framgangen var det dei som driv med korn i kombinasjon med svin som hadde. For dei auka inntekta med 41 prosent til 444.000 kroner per årsverk. Mjølkebøndene auka inntekta med 19 prosent til 329.900 per årsverk.

Driftsgranskingane til Nibio omfattar rekneskapstal frå 908 bruk over heile landet. (©NPK)

Til toppen