DYRK: – Det er jorda vi må dyrke for at plantane skal ha det bra, seier Marianne Utengen, gartnar i Det norske hageselskap. FOTO: Vidar Ruud
DYRK: – Det er jorda vi må dyrke for at plantane skal ha det bra, seier Marianne Utengen, gartnar i Det norske hageselskap. FOTO: Vidar Ruud

God jord lagar du sjølv

– Mange kastar mat- og hageavfallet og køyrer til hagesenteret for å kjøpe jord, det er jo heilt tullete, seier gartnar i Det norske hageselskap, Marianne Utengen.

Ho stikk nesa godt nedi den grøne dunken, litt større enn ei søppelkasse, som står i oppkøyrselen hennar.

– Det luktar ikkje vondt, konstaterer ho.

Det skal heller ikkje ein velfungerande kompost gjere. Utengen har hatt varmkompost-dunken sin i fem år, og er storfornøgd. Nokre små bitar av eggeskal ligg igjen etter matavfallet ho helte oppi for to-tre dagar sidan. No heller ho ei ny lita plastbøtte med matavfall og kaffigrut oppi, og strør på eit par handfullar med kaninstrø.

– Matrestar gir nitrogen, strøet karbon. Så må eg grave inn luft, seier ho og tar eit reiskap som rett og slett heiter kompostluftar og stikk ned i massen.

Artikkelen held fram under biletet.

NPK
LUFT: Å gi komposten oksygen er essensielt. Marianne Utengen snur gjerne komposten to-tre gonger i veka. FOTO: Vidar Ruud / NTB scanpix
 

Ho løftar og snur med bestemte tak. Temperaturen bør vere 55– 60 grader, og komposten held seg varm heile året viss du berre hugsar å mate, snu – og vatne ved behov.

– Jorda skal vere som fuktig sjokoladekake, tipsar ho.

Nedst på dunken er det ei luke som ho opnar og viser korleis blandinga er blitt til mørk jord. Ein gong i året tømmer ho to tredelar av dunken og får næringsrik jord til hagen og pallekarmane.

Også gjennom vinteren held ho matinga og røringa gåande. Etter vinterferien må kanskje komposten livast opp igjen, det kan du gjere med ein kopp kokande vatn, blanda med sukker, eller nokre varmeflasker (som ikkje opnast). Utengen har ein kaldkompost i hagen også, men held ein knapp på varmkompost-dunken.

– Varmen tar sjukdom og øydelegg frø, så det blir rein jord, seier ho.

Meitemakkompost

Viss du vil få næringsrik jord på kortare tid, og ikkje har mykje plass til rådigheit, er meitemakkompost ei moglegheit. To-tre månaders tid anslår Håkon Mella at det tar for mat- og hageavfall å bli til jord i ein meitemakkompost. Mella har skrive boka «Enkel kjøkkenhage på 1-2-3» og held kurs i meitemakkompostering. For å komme i gang, trenger du to behaldarar som går i kvarandre, med lokk – for eksempel store isboksar eller plastbøtter. Lag fire-fem millimeter store hol i den eine, både i botn, topp og på sidene, slik sikrar du luft og drenering. Sett den holete behaldaren oppi den andre. Fyll på med ein neve jord, matavfall, makk og litt karbonhaldig materiale som trekker til seg fukt.

– Eg pleier å rive opp avispapir, tipsar Mella.

Optimaltemperaturen på meitemakkompost er cirka 20 grader, då går det raskast. Pass på at komposten ikkje fryser eller blir for varm, at du ikkje matar med ting makken ikkje likar, som sitrusskal og salte ting, og ikkje mat oftare enn det makken kan ta unna.

– Han et omtrent si eiga kroppsvekt om dagen, seier Mella.

Han ser mange fordelar med meitemakkompost.

– Det går fortare enn vanleg kompostering, det luktar veldig lite, kanskje berre litt gjær. Og vatnet som vert drenert ut, blir superbra gjødselvatn når det vatnast ut i eit 1:10 forhold. I tillegg til jord får du masse meitemakk til fisketur eller hønsemat ettersom dei formeirar seg.

Den ferdige jorda er veldig næringsrik, derfor bør ho blandast med anna jord.

Lauvkompost og bokashi

BOKASHI: Fermentering av organisk materiale, som trenger kort tid til å bli jord.
BOKASHI: Fermentering av organisk materiale, som trenger kort tid til å bli jord.

Bokashi er ein teknikk som stammar frå Japan, som er blitt kommersialisert. Nedbryting av avfallet skjer anaerobt, ved at det vert fermentert eller gjæra, framfor å rotne, derfor er bokashi strengt tatt ikkje ein komposteringsmetode. Sidan bokashikompost ikkje skal lukte, kan du la han stå for eksempel på kjøkkenet. Du puttar matrestar oppi ein lukka behaldar og strør på bokashi-strø, som vert selt ferdig blanda og består av kveitekli, sukkerrøyrmelasse og såkalla effektive mikroorganismar (EM1). Når behaldaren er full, skal han kvile og gjære i to veker. Deretter skal han setjast i kontakt med jord, for eksempel i ein kompostbinge eller rett i jord/ pallekarm / stor plastbehaldar. Rotter og mus skal ikkje vere interessert, fordi matrestane no er sure. Etter tre til seks veker er blandinga blitt til næringsrik jord.

Viss du skulle ha tilgang til masse lauv, men ikkje har plass til hagekompost, kan du rett og slett fylle ein søppelsekk med lauv, stikke hol i posen så vatnet vert drenert ut, og vatne posen jamleg.

– Etter eitt til to år er det fantastisk fin jord. Men ho er næringsfattig, så ho bør blandast med anna jord, seier Utengen.

Til toppen